Beneath the Planet of the Apes (1970)
User Rating: 5.9/10 (4,431 votes)
Med unntak av eit par detaljar er eg godt fornøgd med denne filmen. Filmen fortset der Planet of the Apes (1968), og introduserar veldig kjapt ein ny karakter, Brent, som sammen med Nova prøver å finne Taylor. Brent kom til planeten på same måte som Taylor, for å finne ut kva som skjedde med det romskipet, og krasjlanda så hardt at den andre astronauten døydde.
Fokuset til denne filmen ligg meir på bruk av våpen for bevaring eller til å oppnå fred, og kor dumt dette er. Filmen er sånn sett endå veldig aktuell. Elles bygg den og på ein del av dei same tinga som forrige film. Den er ikkje så nyskapande som forrige, og er tvilsomt ein film som gir nokon særleg god oppleving viss ein ikkje har sett den forrige. Har ein derimot det, så er dette absolutt god tidtrøyte, i ordets positive forstand. Og eg kan elles røpe så mykje som at slutten var godt overraskande.
Planet of the Apes har hittil appellerert ein del til meg, og eg satt oppslukt store deler av filmen i spenning av korleis det heile skulle utvikle seg vidare. Halve filmen gjekk unna som dugg for solen, og resten som .. hmm .. dugg for solen den og.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
