Filmdagbok
ness
30-mai-2006

Planet of the Apes (1968)

Planet of the ApesUser Rating: 7.9/10 (25,521 votes)

For ein opptur etter å ha sett Planet of the Apes (2001). Denne filmen er ribba for dei banale vitsane og humoristiske karakterane som var med i 2001-versjonen for å gjere filmen meir publikumsvennleg. Filmen hoppar ikkje for fort framover, men tek seg tid til å underbygge framgangen. Av og til brukar den så mykje tid at eg nesten blir utålmodig, men berre nesten. Som når Taylor har mista stemma og ikkje kan vise apekattane at han faktisk kan snakke, og tenke. Det tok si tid, men var ein fornøyelse.

Historien bak filmen er ganske enkel. Eit romskip med nokre folk blir sendt i veg ut i verdsrommet. Etter månader i søvn, og fleire tusen år fram i tid styrtar romskipet på ein planet. Hovudpersonen Col. George Taylor (Charles Heston) og dei to andre overlevande frå romskipet kjem seg ut av det før det synk, dei går ei stund i ein ørken før dei oppdagar mennesker og blir fanga av apekattar. Under kampen for å unngå å bli fanga blir Taylor skoten og mistar stemma.

Filmen er i tillegg til å vere god underholding, meir samfunnskritisk enn sin remake. Gjennomsyra med skepsisme til, og det å nekte å godta noko totalt framand, blir det indirekte kritikk til både rasisme og krigsføring. Meir om dette kan forsåvidt lesast her. No gjenstår det å sjå kva dei neste filmane i serien vil bringe.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10