Planet of the Apes (2001)
User Rating: 5.6/10 (35,325 votes)
For dei som ikkje har fått med seg historien tidlegare, så er det som skjer følgande: Leo Davidson er på eit romskip som forskar på elektromagnetiske stormar. For å utforske dei brukar dei spesialtrena apekattar for å finne ut om det er trygt å fly inn i stormane. Slik forsvinn ein apekatt, og Leo reiser utmiddelbart etter for å finne den, utan tillatelse frå sin overordna på romskipet. Han går også tapt i stormen, og blir sendt fram i tid der han hamnar på ein planet som apekattane er overordna menneske.
Ein av Tim Burton sine svakare regisserte filmar har likevel mange likheiter med fleire av dei andre filmane hans. Musikk av Danny Elfman, og opptreden i ein eller anna form, her som apekatt, av Helena Bonham Carter. Men dette har ingenting å sei når filmen er overfyllt av halvmorsomme one-liners, uskuldige kampscener (les: sverdkutt utan blod), og ein film som ser ut til å ta mykje for gitt. Filmen kunne gjerne vart 20 minuttar ekstra for å forklare bakgrunnen for alle vala som blir tatt. Nokon val derimot er det ikkje mogleg å forklare kvifor blir brukt. Forklaring: Ein ung gut får gjentakande beskjedar om at han ikkje får vere med å sloss, han trassar likevel beskjedane og følger med. Det er ikkje til å unngå at han kjem i trøbbel. Når eg skriv det her blir det ikkje ein spoiler eingong, for det luktar forutsigbart tvers igjennom når ein ser det uansett.
Grunnen til at eg ser filmen igjen, når den ikkje er så altfor god, er at eg sit med eit bilde av den som ikkje blir endra av det eg har nemnt over (og meir til). Planet of the Apes verkar som ei spennande moglegheit, som diverre har blitt misbrukt her. Dessutan har eg planar om å sjå dei fem første filmane, ettersom eg berre har sett denne versjonen og den originale Planet of the Apes (1968) før, s eg tenkte å starte med ein dårleg først.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
