Invasion sesong 1

22 episodar.

InvasionKvart år er det nokon nykommarar som ikkje er gode nok til å fortene ein ny sesong, «Invasion» er ein av dei. Betyr dette at «Invasion» er ein dårleg serie? Er «Invasion» det nye «Firefly»? Nei, er svaret på begge. Det er ikkje ein dårleg serie, men heller ingen ny «Firefly». Det er derimot berre ein serie som ikkje tilbyr spenning av den typen som folk ønsker seg. Eg ser problemet, likevel om eg tykkte «Invasion» var ein fin serie å følge med på, har eg full forståing for at den ikkje blir fornya. Det er ikkje så utruleg spennande og gripande som «Lost» og «Desperate Housewives» har klart å få til, for å nemnte to andre ABC seriar, men ligg på eit par hakk under jamnt gjennom heile sesongen. Også handlar dette om aliens, eller hybridar for å vere presis. Vesen som ser ut som menneske, men som er betre på fleire område som bl.a. å kunne halde pusten nesten evig. Første sesong handlar om korleis desse vesena kjem til jorda, og forberedar å ta over. No har eg kanskje røpa litt for mykje, for serien utviklar seg så seint at det tek ei stund før ein får vite alt dette. Noko som er eit av dei andre problema til serien, treig utvikling. Eit pluss derimot er eit par av skodespelarane, William Fichtner gjer ei flott tolking av Sheriff Tom Underlay, og Eddie Cibrian passar godt i rolla som Russell Varon. Resten av gjengen er ikkje noko å danse for, men er heldigvis ikkje irriterande dårlege. Ulempa med å ha bli kansellert som denne serien, er gjerne ei svak avslutning. Denne her avsluttar rimeleg bra, men har typisk nok enkelte dørere opne. Så om eg skal sjå tilbake på heile sesongen med slutten og gi tommel opp eller tommel ned, så blir det faktisk tommel midt i mellom. Det finst betre seriar å sjå, «Taken» er ein av dei i sci-fi sjangeren, men «Invasion» er ikkje totalt bortkasta tid.

The Wizard of Oz (1939)

IMDb: 8.2/10 (47,653 votes)

Wizard of OzOm eg skal sjÃ¥ bort frÃ¥ alt som har med denne filmen som ein klassiskar Ã¥ gjere, og den plassen den har fÃ¥tt i amerikansk filmhistorie, osv., sÃ¥ blir noko i denne retningen: Den er eit godt eksempel pÃ¥ det som kan seiast Ã¥ vere typisk amerikansk, om familielykke og kampen mellom det gode og det onde. Eg var lite imponert av skodespelet, men tykkte kulissane var flotte. Det verka som ein fin barnefilm, men kanskje ikkje for dei aller yngste, for her legg dei ikkje skjul pÃ¥ bruk av ord som «likvidering» og «drepe».

Det eg hÃ¥pte pÃ¥ Ã¥ oppnÃ¥ nÃ¥r eg sÃ¥g filmen var ei djupare forstÃ¥ing i andre filmar og TV-seriar som refererar til filmen. The Sopranos har gjort det, That ’70s Show har gjort det, og eg ser faktisk enkelte likskapenr mellom løva i filmen og George i Seinfeld. Men dette er ikkje ein film eg har lyst Ã¥ sjÃ¥ igjen, for sÃ¥ bra var den ikkje.

5/10

Roam (2006)

_

RoamDette er ein film med stunts og tricks av og med The Collective, ei gruppe mountain bikers. Dei køyre fort, hoppa høgt, osv. Kva meir er det å sei, ein kan bli imponert av mindre, så det er artig å sjå på.

To roam is to search for something new.

7/10

Desperate Housewives sesong 2

24 episodar.

Desperate Housewives sesong 2Eg starta å sjå «Desperate Housewives» forrige sesong, fordi det var nytt med mørke hemmelegheiter, men med ei lys og humoristisk overflate. Sesong 2 bygger vidare på dette, men det er ikkje så nytt lengre. Om det er spennande er litt fram og tilbake med, eg kjeda meg ikkje, men det når ikkje heilt opp mot spenninga i første sesong. Ein fekk løysinga på det som var den raude tråden gjennom den sesongen, utan at eg skal gå meir inn i den historia, og det måtte nye historiar til for å fortsette. Det har kanskje blitt litt meir oppstykka, og tanken om at dei same folka skal få så mange problem i all evigheit er litt på kanten. Men det er no slik grunnlaget for dei fleste TV-seriar er, og eg er glad for det, for utan hadde jo det heile vore kjedeleg og ikkje hatt noko å gjere på skjermen. Så om dette er vel verdt å bruke tiden på, det kjem heilt an på kor godt du likte første sesong, likte du den godt vil eg sei ja. Er du derimot i tvil, eller likte den sånn akkurat passe, så er det kanskje ikkje verdt å fortsette.

Unfaithful (2002)

IMDb: 6.5/10 (11,159 votes)

UnfaithfulEit fengslande thrillerdrama med Diane Lane og Richard Gere, med utruskap (som tittelen tilseier) og løgner, lykke og tragedie. Eg føler eg har sett det meste av dette før, noko som sikkert har med å gjere at ideane i filmen ikkje er særleg nye. Eg hadde og ei viss aning om korleis det skulle gå, men vart likevel underholdt, og dei to timane filmen varte i gjekk ganske fort unna.

For meg er dette ein typisk søndagsfilm på NRK1, for det er som regel thrillerar eg endar meg opp med å sjå når det først går noko der. «A Perfect Murder» er ein film som dukkar opp i tankane mine med ein gong.

6/10

Shooting Livien (2005)

IMDb: 6.3/10 (52 votes)

Shooting LivienLivien (Jason Behr) er musikar, tydeleg inspirert av John Lennon, og vanskeleg å ha med å gjere. Han er enten høg, eller borte i si eiga verd, og gjer livet til personane rundt seg hakket vanskelegare enn det burde ha vore. Mora til Livien hadde psykiske problem som førte til ein vanskeleg barndom for han. Sånn sett har Livien sjølv fått ein del problem i livet sitt etter kvart, sidan han ikkje klarar å gi slepp på fortiden.

Filmen er ikkje alltid like lett å forstå, og gir rom for ulike tolkingar undervegs. Det er ikkje alltid like lett å oppfatte kva som er verkelegheit og kva som er inni hovudet til Livien. Med litt vinglete kamera blir me leia gjennom 90 minuttar i eit mørkt, psykologisk drama, der Jason Behr gjer ei god rolle som Livien, og Dominic Monaghan leverar heilt greitt som Owen, ein nær venn av Livien. Sarah Wynter kjem inn i starten som Emi, ei slags Yoko Ono som skapar uro i gruppa, men det utviklar seg ikkje særleg vidare i den retninga. Så eg tek Yoko Ono samanlikninga tilbake.

Det største problemet med ein slik film, men skodespelarar ein kjenner frå TV-seriar (Jason Behr frå Roswell, Dominic Monaghan etter kvart meir som fyren frå Lost enn hobbiten frå Lord of the Rings) er å unngå å samanlikne. John Livien vs. Max Evans er null problem å skilje, og Jason Behr gjer denne rolla bra, overraskande bra. Owen vs. Charlie er meir like, begge to er bandmedlemmar, det var derfor litt vanskeleg for meg å sjå Owen som meir fornuftig enn Charlie, noko han er. Dette øydelagte litt for meg, men ikkje så mykje som det litt for rolege tempoet i filmen. Etter 45 minutt kjeda eg meg litt, og følte eg hadde sett det meste, utan å bry meg om kva som faktisk kom til å skje vidare. Det som elles trakk opp var musikken, vokalen til Livien er det Fionn O Lochlainn som står bak, noko som og gjeld songtekstane.

5/10

Puff, Puff, Pass (2006)

IMDb: 4.0/10 (57 votes)

Puff Puff PassEin stor skuffelse av ein film, likevel om eg ikkje hadde nokon forventningar til den i utgangspunktet. Danny Masterson (Steven Hyde i «That ’70s Show») og heller ukjente Ronnie Warner (gjesterolle i eit par TV-seriar) spelar to marihuanarøykande dagdrivarar som rotar seg bort i eit par smÃ¥ting i jakta pÃ¥ ein TV med kabelkanalen TNT.

Opplegget minnar meg om «Dude, Where’s My Car», der Jesse (Ashton Kutcher) og Chester (Sean William Scott) rotar seg borti ein del tullball pÃ¥ jakt etter ein bil. Men «Puff, Puff, Pass» klarar aldri Ã¥ ta av pÃ¥ nokon mÃ¥te, det startar sløvt, og er sløvt i cirka 90 minuttar før det er slutt. Det er ogsÃ¥ ingen ting Ã¥ le av her. Vel, kanskje bortsett frÃ¥ Terry Crews («Everybody Hates Chris») som wannabe rappar med hundefobia.

Danny Masterson hÃ¥ndterar rolla som Hyde i «That ’70s Show» pÃ¥ ein grei mÃ¥te, men det krevst mykje meir pÃ¥ den store skjermen, likevel om rollane har klare likskapar. For Ã¥ sei det pÃ¥ ein anna mÃ¥te, ein film rundt Hyde hadde aldri blitt noko særleg interessant, og det er heller ikkje dette. Men for Ã¥ gÃ¥ bort frÃ¥ «That ’70s Show», og tilbake til filmen. Det ligg pÃ¥ grensa mellom dei to lÃ¥gaste nivÃ¥a pÃ¥ meiningsskalaen min, men for Ã¥ gjere kort prosess, og vere fullstendig klar pÃ¥ det. SÃ¥ blir det…

3/10

The O.C. sesong 3

25 episodar.

The OC sesong 8For dei som har sett «The O.C.», så er «sorry» eit av dei orda som går igjen og igjen. Men i denne forbindelsen beklaga eg meir til meg, for meg. For første halvdel av sesongen såg eg på eit vekeleg basis, noko som var ein stor tabbe. Det var noko av det kjedelegaste eg har sett, eg måtte rett å slett gi opp. Når sesongen var ferdig derimot, gjorde eg det på den måten eg blei kjent med serien på gjennom, eg såg alt i løpet av få dagar. Og det blei faktisk bra. Eg trudde serien hadde mista mykje av ånden, men det er framleis nok igjen til at det er underhaldande.

That ’70s Show sesong 8

22 episodar.

That 70s Show sesong 8Etter Ã¥tte Ã¥r med «That ’70s Show» er det med eit tungt farvel serien seier takk for seg. Sjølv har eg ikkje sett pÃ¥ serien i meir enn eit Ã¥r, men føler likevel eg har ein historie med den. Forrige sommar sÃ¥g eg dei sju første sesongane, kanskje litt for hyppig. Noko eg først la tydeleg merke til nÃ¥r eg forrige veke sÃ¥g «The Final Goodbye», ein 1-timers lang spesial med tilbakeblikk og intervju med gjengen foran kamera. Ein spesial eg kjem tilbake til lengre ute i teksten.

Denne siste sesongen har vore forskjellig på fleire måtar. Den var opprinneleg planlagt at serien skulle gi seg etter sjette sesong, men det blei lagt på to stykker etter kvart. Dette blir som ein attpåklatt, eller kva ein skal kalle det. To viktige rollefigurar har forsvunne, og etterlatt seg eit merkbart tomrom i serien. Ashton Kutcher som Michael Kelso tok farvel med oss i fjerde episode ut i sesongen, mens Topher Grace som Eric Forman gav seg etter forrige sesong.

Eric Forman var rollefiguren eg såg på som midtpunktet i serien, det var i huset hans mesteparten av tiden blei brukt, det var hans forhold som var det seriøse. Michael Kelso var den morosame klovnen, som gjorde alt artig. Ein skal heller ikkje undervurdere dei andre rollefigurane, for det er dei saman som gjer serien til den det er. Men som skodespelarar er det kanskje desse to som forlot serien som står igjen som dei mest interessante, samt Wilmer Walderama, kjent som Fez.

Forutan Ã¥ ha mista to viktige rollefigurar frÃ¥ serien, har det skjedd nokre fÃ¥ endringar som ein kan merke etter kvart. Les ikkje vidare viss du vil oppleve desse sjølv. Ny opningssekvens, som ikkje har den same sjarmen som før, men som likevel er bra med tanke pÃ¥ kva «sirkelen» har hatt Ã¥ sei. Ny figur blant hovudgjengen, Randy, som er ein slags mellomting med dei beste eigenskapane frÃ¥ Kelso og Eric kanskje. Dette er ikkje same fyren som blei introdusert i slutten av forrige sesong, det var Charlie, og han døydde nÃ¥r han datt ned frÃ¥ vasstÃ¥rnet. Eg trur det har med at han var for lik Eric, og at dei ikkje ville kunne ha erstatta Eric med han, sÃ¥ dei droppa han, dette er berre spekulasjonar frÃ¥ mi side. Og Kitty har forresten ny hÃ¥rsveis.

Bortsett frå desse småtinga, så har folket blitt vaksne, så det vesle dei held på av ungdommelegheita blir ikkje så uskuldig morosam lengre. Det blir nesten litt tragikomisk, at dei som er igjen ikkje har komme seg lengre i livet. Vitsane er forlengst oppbrukt, og det blir servert mange litt for tørre her. Enkelte rollefigurar irriterte meg meir enn dei andre, og den einaste som har tilført serien noko ekstra er Fez (Wilmer Valderrama), som både har klart å halde på litt av den gamle sjarmen sin, men samtidig, endeleg, gått vekk frå å vere den 100% godteri og pornofikserte guten.

I «The Final Goodbye» var det derfor litt skuffande Ã¥ ikkje fÃ¥ intervju med Topher Grace. Men alle dei nye inntrykka og den nye innsikten til serien var faktisk litt overvelmande. Eg har alltid vore klar over at det opp dei to treppene frÃ¥ kjellaren ikkje har vore noko, men det var likevel veldig spesielt Ã¥ sjÃ¥ settet i bitar. Elles la spesialen mykje vekt pÃ¥ Ã¥ repetere kor god kontakt dei forskjellige skodespelarane bak serien har fÃ¥tt, samt flashbacks. Eit absolutt «must» Ã¥ sjÃ¥ for den som likar serien.

Dei siste episodane av den siste sesongen skil seg ut frÃ¥ resten med at dei er meir morosame enn sesongen generelt, og gir ei djupare meining sidan dei er meint Ã¥ avslutte serien. For dette har vore ein tam sesong, med mange tamme vitsar, og ein lang tilvenningsperiode der eg ikkje klarte Ã¥ tenke meir enn at dei burde ha gitt seg pÃ¥ topp. Spesielt ei omvising i mellometasjen i huset til Forman, leia av Kitty i nest siste episode var utruleg stilig. Ein fekk sjÃ¥ korleis veggen bak kamera «faktisk» ser ut, og blei ført gjennom huset samanhengande. Men avslutninga altsÃ¥, den er absolutt verdig, og faktisk litt rørande. Litt vemodig at det er slutt, for 200 episodar har gjort sitt inntrykk pÃ¥ meg. Er vel kanskje pÃ¥ tide Ã¥ starte pÃ¥ sesong 1 igjen…

Looking for Comedy in the Muslim World (2005)

IMDb: 5.7/10 (415 votes)

Looking for Comedy in the Muslim WorldEin litt spesiell komedie. Men eg likte den. Albert Brooks har skreve og regissert filmen, og spelar seg sjølv som får eit oppdrag av staten å reise til India og Pakistan for å forske på komedie. Målet er å skrive ein 500 siders rapport om kva som får muslimar til å le, som eit forsøk på å forstå den muslimske kulturen. Men etter kvart vekker nysgjerrigheita til Brooks mistanke både frå den indiske og pakistanske regjeringa, og opphaldet hans blir komplisert enn det burde.

Eg har aldri sett eller lagt merke til Albert Brooks i nokon filmar før, og har derfor ingen tidlegare opplevingar med humoren hans. «Looking for Comedy in the Muslim World» spelar ein del på den dårlege tilvenninga til eit nytt publikum som Brooks har, og korleis han oppfattar humor som noko han må lære andre å forstå for at dei skal ha glede av det. Det gjer figuren hans litt tragisk, men heldigvis ikkje håplaus og patetisk, slike filmar finst det nok av. Han er for det meste ein smart person, men kanskje litt overlegen på enkelte område. Og den rollen gjer han bra.

Men «Looking for Comedy in the Muslim World» er ikkje hysterisk, og vil nok ikkje passe alle. At eg likte den kan ha med andre ting å gjere, som min fasinasjon av indisk kultur og musikk, og min glede for filmar som prøver å vere litt smartare og med ein litt lågare tempo, der det går an å få med seg heile historien utan å føle at ein har blitt kasta av i alle svingane.

6/10
2 / 41234