IMDb: 8.0/10 (8,222 votes)
Også kjent som «Panserkrysseren Potemkin», Sergei Eistensteins hyllest til besetninga på den russiske panserkryssaren i 1905 er ein film eg ei stund kunne tenke meg å sett heile av, og ikkje berre klypp under forelesing. Når filmoppvisinga i tillegg er stempla med «Film+Musik. LIVE», dvs. livemusikk av Eisenstein Cinematic Orchestra. Dette gav ein heilt ny dimensjon til filmsjåing for min del, og er absolutt å anbefale om sjansen byr seg.
I lag kan dette kallast underhaldande kunst. For meg kraftig og stemningsfulle tonar komponert av Christian Rønn og Peter Peter kjeda eg meg ikkje eit sekund.
Eg sovna derimot to gonger, i nokre få sekund, med det var av andre årsaker. Og 1 time på tregolv er heller ikkje spesielt behageleg. Ein faktor som skulle ha motvirka søvn.
7/10
IMDb: 8.4/10 (86,041 votes)
Ein plass går grensa for alle filmar i å kunne sjå dei opp igjen. Den har eg overstege her for Batman Begins. 4 gongar er 1 gong for mykje, men kinooppleving var heldigvis god nok til at det gjekk likevel.
I ein av Danmarks største kinosalar, rykta seier den 3., såg eg filmen med 500 andre livsglade festivaldeltakarar. Roskilde Cinema som kinoen heitte, er ein midlertidig oppsetting for sommarens Roskilde Festival, og gjer ikkje skam på verken engasjement eller inngangskostnader. For til 0 kr, men dog ein halvtime i kø (som vidare er ganske bra kort til å vere ventetid på festivalområde), fekk eg og alle andre sett filmen med berre 2 tekniske problem, nok av jublebrus ved alt som kan kallast høgdepunkt og klisjear, samt improvisert dansing av eit par fulle folk kledd ut som Badman og Robin.
Ei annleis filmoppleving.
6/10
IMDb: 7.9/10 (15,787 votes)
Eit interessant politisk tilbakeblikk på fødselen av 60 Minutes og senator Joseph McCarthy si etterfølging av kommunistar og dei som måtte ha kommunistar i den nære omkretsen sin. Filmen og dei mektige folka øvst i samfunnet her gjorde meg opprømt, og trass det at filmen ikkje er anna enn snakking, arkivfoto og poitikk, så er den ganske god.
6/10
IMDb: 7.5/10 (2,236 votes)
«Tsotsi» er historien om gjengleiaren Tsotsi, som ved eit impulsivt biltjuveri ein kveld får livet snudd opp ned. For i bilen ligg det og ein liten baby. Denne babyen utløyser ein straum med barndomsminner som Tsotsi sikkert har holdt tilbake over lengre tid, og han prøver febrilsk å gi babyen den pleia den treng, som Tsotsi ikkje fekk når han var yngre. For ordens skuld er det snakk om barndommen til Tsotsi som, det ser iallfall ut som, 7-åring. Problemet er at Tsotsi har null peiling på babyar, sidan han har vakse opp i valdelege omkretsar, og er van med at alt kan bli løyst med vald. Litt etter litt går ting opp for Tsotsi.
Eg vart rett og slett veldig imponert over filmen. Presley Chweneyagae, som spelar Tsotsi, som på norsk igjen betyr noko sånt som røver/mordar/kjeltring eller råtass, gjer ei god rolletolking. Eg kunne ikkje unngå å smile når Tsotsi roa seg ned under amminga til den vesle babyen. Eg kunne heller ikkje unngå medkjensle med han i enkelte situasjonar, likevel om det han gjorde ikkje var rett. Eit eller anna i ansiktsuttrykket til Tsotsi viste at det låg meir bak handlingane enn å skaffe materielle goder. Eg klarar berre ikkje putte fingeren på kva.
På tampen vil eg stille eit spørsmål. Er det mitt gode humør, eller kanskje det faktum at eg såg ein veldig god film før i dag (ok, klokka er over midnatt, men for meg er det framleis onsdag) og var på gli, som får meg til å sette pris på denne filmen? Vel, det siste avsnittet her var mest til min eigen ettertanke, for å vurdere kva meining eg eigentleg gjer meg til filmen. Eg føler det blir litt for mange «absolutt anbefalt» her for tiden, men nokre ting kan ein ikkje gjere noko med.
7/10
IMDb: 8.2/10 (46,081 votes)
Eg har ikkje lese den grafiske romanen, og stod dermed med blanke ark før eg såg filmen. Eg vil tru at filmen gav meg meir enn den grafiske romanen til Alan Moore og David Lloyd kunne ha gjort. Men vil ikkje konkludere med noko før eg har lese den sjølvsagt. Filmen skal ha skryt for at den har klart å unngå mykje av dataanimasjonen som ofte blir brukt i moderne adapsjonar av grafiske romanar og teikneseriar. Eg trur på denne filmen i meir enn å underhalde. For du har gått glipp av mykje om du ikkje fekk med deg kva frykt kan skape, og kva eit menneske kan skape i skyggen av frykt. Filmen seier meir enn som så, V er ikkje den vanlege helten, ei heller Batman som brukar alternative metodar for å forbetre samfunnet. V er ein terrorist og drapsmann, ein venn og ein fiende. Han veit alt dette sjølv, og har berre satt seg eit mål. Utover det er ingen framtid i sikte, for han veit han ikkje er betre enn nokon andre når det kjem til råvelde av makt.
6/10
IMDb: 7.3/10 (109 votes)
Som Ethan Jenkins (Michael W. Smith) i denne filmen er ikkje eg på jakt etter å ta den lette vegen ut. Det har ingenting med min dedikasjon til kristendommen å gjere, men heller at eg ikkje fann nokon norske filmmeldingar av filmen å lenke til. Forresten så er eg heller ikkje dedikert til kristendommen.
«The Second Chance» er ein film om forholdet mellom den rike delen av samfunnet, der pengar er drivkrafta, og den fattige delen, der hard jobbing står i sentrum. Men det er og ein film om å finne igjen det ein trur på. Ingen glorifisert gospelfilm dette her. Av og til føler eg at eg ser på ein dokumentar, der eg inntek rolla som Ethan og blir vist rundt.
Fin som film. Jordnære folk, engasjerande til tider. Nesten litt rørande mot slutten.
6/10
IMDb: 7.2/10 (5,961 votes)
Dario Argento er kjent for Ã¥ lage ein del filmar i gialloformatet. «Suspiria» er ein av filmane hans som kom etter gialloperioden, og høyrer til dei «overnaturlege Ã¥ra» hans.
Suzy Bannion kjem til Tyskland for å studere på ein god danseskule der ikkje alt er som det skal vere. Den kvelden ho kjem ser ho ei av elevane komme ut døra på skulen, for så å forsvinne ut i skogen. Neste dag blir denne eleven funne død. Når Suzy har fått flytta inn på eige rom og komme i gong med skulen blir ho brått veldig uvel, og må få servert middag på rommet.
Dette er så langt eg vil fortelle, så eg ikkje øydelegg opplevinga i alle dei rare tinga som skjer etter kvart. Musikken er av typen veldig nervepirrande, og er framført av Goblin, eit italiensk band som spelar/spelte progressiv rock, og som blant anna laga musikken til «Profondo Rosso». Bruken av kamera er utruleg godt gjennomført, i bruken av utsnitt og ikkje minst den sterke fargebruken, eit stort pluss der. Uansett situasjon så spelar musikken og kamera ei fantastisk god rolle. Ei scene heilt i starten når det blir fokusert på motoren på ei automatisk skyvedør fekk meg nesten til å fryse nedover ryggen i fryd. Det må opplevast for å bli fortstått!
Horrorfilmar er ikkje noko eg generelt er så oppmerksom på, men «Suspiria» har eg lenge hatt i tankane etter å ha blitt tipsa av ein giallofrelst. No sa eg at «Suspiria» ikkje var ein typisk giallo, men den er framleis gjennomtrengande.
7/10
IMDb: 7.0/10 (7,534 votes)
Ein fartsfyllt western med Kevin Kline, Kevin Costner og Danny Glover, blant anna. Men Scott Glenn kjem ut av det heile som den beste typiske revolvermannen. Musikken er etter min smak altfor overdådig, men det er klart den er med på å sette stemninga på rett spor. Ingen ting eg la spesielt merke til som utmerka seg med denne filmen likevel, og det var lenge uklart kva historien til folk var, noko som eg følte gjekk utover handlinga retta framover.
6/10
IMDb: 7.2/10 (3,643 votes)
I eit hus i New Orleans bur den alkoholiserte Bobby Long og den litt mindre alkoholiserte Lawson Pines. Pines skriv ei bok om Long, men kjem aldri nokon veg. Ein veg kjem derimot Pursy Will, og det er opp vegen til huset og inn. Etter at mora Lorraine døydde får Pursy vite at huset er hennar, saman med Bobby og Lawson, det dei to veit er at dei ikkje har krav på å bu der lengre enn eit år frå dødsdagen til Lorraine.
Ein kjærleikssong til Bobby Long, som filmen kanskje ville heitt på nynorsk, er ein feel-good film. Det er poesi, litteratur og musikk i massevis her. Bobby (John Travolta) klimprar innimellom på gitaren, siterar store forfattarar og drikk nesten konstant. Lawson (Gabriel Macht) prøver å skrive, noko som ikkje er lett med Bobby hengande over skuldra. Pursy (Scarlett Johansson) pussar opp huset, prøver å skaffe ein jobb, og spelar av musikk som irriterar livet av Bobby.
Det er ikkje så mykje handling. Men det går bra, om du ikkje har noko i mot verken Travolta eller Johansson. Filmen har ei god stemning, og om det ikkje var bra nok, så dukka det opp ein (for meg) velkjent Death Cab For Cutie song midt inni. Den er då kanskje meir alvorleg enn morosam, men er ikkje mørk heller.
6/10
IMDb: 7.9/10 (7,518 votes)
Betre kjent som «Laputa: Castle in the Sky», ein Studio Ghibli-produksjon.
Kanskje litt i lengste langet til å vere ein barnefilm med sine 2 timar. Men for min del var det perfekt. Ein av dei betre Ghiblifilmane eg har sett. Mekanikk, magi og svevande rike, dette er ekte saker i motsetning til «Steamboy».
7/10