Battle for the Planet of the Apes (1973)
Den siste filmen i serien er og den svakaste. Filmen sluttar stort sett der han startar, noko som gjer den nesten meiningslaus. Det har gått 10 år sidan revolusjonen, menneske og apekattar lever i fred, men er ikkje fullstendig likeverdige. Apekattane går med ein skepsis til at menneska ikkje har anna for seg enn vald og krig i sin natur.
I sin søken etter å vite meir om foreldra sine, reiser Cæsar til The Forbidden City, som naturleg nok ligg i The Forbidden Zone. Eg hugsa avstanden gjennom ørkenen å vere lengre i Planet of the Apes (1968), men den har vel rett nok vakse ein del på 600 år. I The Forbidden City møter dei på overlevande menneske, som ikkje visste at det var fleire overlevande enn dei igjen, visa versa. Og det er ikkje eit vennleg møte.
Filmen gav meg ingenting nytt, og kunne like godt vore unngått. Med dette meinar eg i forhold til interssant informasjon og historie i forbindelse med Planet of the Apes sagaen. Det blir sagt at denne filmen eigentleg gir eit betre bilde av kva den eine TV-serien står for enn å vere ein verdig fortsetting på filmserien.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

