ness
01-jun-2006

Conquest of the Planet of the Apes (1972)

Conquest of the Planet of the ApesIMDb: 5.6/10 (2,827 votes)

I ein av dei tidlegare filmane var det snakk om ei historie frå den gongen alle kattar og hundar på jorda var smitta og døydde av eit dødeleg virus. I savnet etter tapet av kjæledyra blei det etter kvart vanleg å ta til seg apekattar som kjæledyr, som gradvis viste seg å vere intelligente nok til å brukast til fleire ting. Levevillkåra til apekattane blei etter kvart lik slavar sitt liv, og det var ikkje lagt skjul på mishandling dersom dei ikkje lystra ordre. Men ein dag var det nok, ei ape stod fram og nekta å følge ordren, og revolusjonen var eit faktum.

Dette er grunnlaget for den 4. filmen i serien, og me følger Cæsar, barnet til Cornelius og Dr. Zira som kom til ei menneskedominert jord i 1973. Året no er 1991, og Cæsar har vokse opp i skjul under beskyttelse av sirkuseigaren Ricardo Montalban sidan forrige film. Ingen har fatta mistanke om forvekslinga som skjedde i forrige film, før Cæsar opnar munnen offentleg.

Filmen vart eit steg i rett retning igjen etter Escape from the Planet of the Apes (1971). Det kjennes meir sci-fi ut, ettersom me har forflytta oss til eit 1991 sett frå 1972. Handlinga går for seg i ein moderne, pen og ryddig by, som diverre føles litt vel lite og studioaktig. Revolusjon er ofte forbunde med konfliktar, våpen og vald. Noko denne filmen har nok av, balansen blant opptøyer og prat er skeiv, men i motsatt retning enn forrige film.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10