ness
02-jun-2006

Ran (1985)

RanIMDb: 8.3/10 (15,818 votes)

I denne filmen av Akira Kurosawa, som alle med respekt for seg sjølv veit kven er, følger me (Great) Lord Hidetora Ichimonji og dei tre sønene hans i ein periode etter Hidetora har trukke seg tilbake og overlete makta til den eldste sonen. Tittelen, Ran, betyr på japansk kaos, og står som ein god beskrivelse på kva som skjer etter maktskiftet.

Ran er den første Kurosawafilmen eg har sett. Eg har forskyvd den til bakerste rekke i prioriteringslista mi over filmar mest på grunn av lengden. 160 minuttar kan ved feil tidspunkt bli for mykje, men dette var ein fornøyelse. Skodespelet, sterkt inspirert av Noh - ei japansk form for teater - består av mykje sminke for å få fram ansiktsuttrykk og følelsar, samt stor bruk av kroppsspråk. Det er vel verdt å legge merke til spesielt dei to rollefigurane Hidetora og Lady Kaede.

For den djupare interesserte kan det vere greitt å nemne at Kurosawa har blitt inspirert av Shakespeares «King Lear». Inneheld sterke element frå nihilisme. Meir om dette på Wikipedia.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10