Before Sunset (2004)
User Rating: 8.1/10 (16,412 votes)
Ein så lang og god samtale kan eg ikkje hugse å ha sett på film før. Jesse og Celine møtes igjen 9 år etter dei var i lag i Vienna, ei historie som blir fortalt i filmen Before Sunrise (1995). Jesse er i Paris og er nettopp ferdig å signere den nyutkomne boka si, og plutseleg står Celine der. Dei bestemmer seg for å gå for å ta ein rask kopp kaffi før Jesse må nå flyet, og me følger dei på ein gåtur igjennom ein nydeleg del av Paris. Samtalen går rundt det meste frå draumar og romanse, til kommunisme og miljø.
Det er djubden i samtalen som gjer denne filmen så god, no har eg ikkje sett den forrige filmen, men følte ikkje at eg gjekk glipp av noko. Tonen blir naturleg, og får godt fram kva som er flautt, engajerande, frustrerande og morosamt. Og den stadige endringar av samtalemne skjer på ein behageleg måte. Historien til Jesse og Celine er knytepunktet som dei kjem tilbake til innimellom. Dette går likevle ikkje på bekostning av dei andre samtaleemna.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
