Shichinin no samurai (1954)
Sidan eg har sett «The Magnificent Seven» tidlegare, føler eg det er greitt å ta denne opp her. «The Seven Samurai», som den amerikansk-engelske tittelen blir, er nok ein Akira Kurosawa storfilm.
Toshirô Mifune, Kikuchiyo i filmen, blir ofte rekna som filmens store stjerne, men Takashi Shimura, som spelar Kambei Shimada, er kanskje filmens mest autoritære karakter. Mifune fekk meg til å tenke på anime, og «Great Teacher Onizuka», hans litt dumme, men stole og handlande person er ei kjent oppleving frå meir enn ein anime.
Sammenligna med Hollywood-versjonen, «The Magnificent Seven», er denne både lengre og betre. Bandittane er ikkje sett på som individ her, og samurainane er tydlegare heltar enn drapsglade. Alt utanom bilde og lyd kan seiast å vere betre i denne. Svart/kvitt er ikkje problemet, men heller at bilde her var litt utydeleg og at ein ikkje fekk den heilt gode oversikten overalt.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

En ubestridt fortjent klassiker! Utrolig bra faktisk. Det er sjelden tre timer føles så kort på film (Peter Jackson kunne lært noen tricks tror jeg!).
Om kopien du så var dårlig så synes jeg du bør forsøke å se den på kino eller en bedre dvd - min er så klar som man kan forvente fra en slik film. Flotte bilder!