The Hills Have Eyes (2006)
Nyinnspelinga av Wes Craven sin «The Hills Have Eyes» frå 1977, som eg har til gode å sjå, har det meste ein kan forvente seg av ein overlevingsgrøssar. Mykje sand, støv og dritt. Samt ferskt blod, inntørka blod, og blodsprut. Flammar, skriking, mutantar og ikkje minst dumme folk. No må det seiast at eg har sett grøssarar der folk er langt dummare, så denne filmen kjem godt opp på skalaen der. Det er heller ikkje animerte mutantar som kan hoppe som eit lengre steinkast, likevel om det er snakk om livsglade seigmenn. Stemninga i filmen er lagt opp på den måten at ein heile tiden sit å ventar på at noko skal sprette inn på skjermen, altså ingen psykologisk thriller her i gården. Som sjangerfilm er denne ikkje verst. No har det seg slik at eg ikkje ser så ofte film frå grøssarsjangeren (horror), så iallfall halvparten av dei eg ser er anbefalte filmar. Men forrige grøssar-remake eg såg, som var «The Fog» (2005), klarte heller dårleg å skremme og underhalde. Likevel, det er ikkje ein film å skryte av dette her, mange stader er det heller harrytendensar som får det til å gå kaldt nedover ryggen på meg enn noko anna.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

