Filmdagbok
ness
13-jun-2006

The Ice Harvest (2005)

The Ice HarvestUser Rating: 6.0/10 (3,241 votes)

Eg har delte meiningar om denne filmen. Fleire plassar ser eg at det blir forsøkt å gjere noko morsomt på ein intellektuell måte, men at det ikkje heilt når opp. Det er likevel morsomt mange stader, spesielt i scenene med Oliver Platt. Filmen klarar ikkje å overraske, og er tross blodsutgytinga litt slapp. Det kalde kjem ikkje heilt fram, og i ei scene der rollefiguren til John Cusack står og ser utover eit jorde får eg inntrykk av at det er ein mild fønvind framover kalde gufs som går gjennom håret hans. Eg har absolutt ingenting å begrunne dette med, sidan det som sagt berre er eit inntrykk.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10