The Dangerous Lives of Altar Boys (2002)
Ein heilt grei film som ikkje engasjerte meg så altfor mykje. Eg stussa litt over plassen Jodie Foster har fått på filmplakaten i forhold til i filmen, men det var nok eit naturleg steg for å selge den. Stemninga heller litt mot den i «Stand by Me», men er ikkje så tragisk. Historia her ligg også langt frå den. Eg såg ein knapp samanheng mellom den animerte delen og den ekte, men den animerte kunne ha vore betre integrert, og historien rundt teikneserien kunne ha vore meir omfattande.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
