Filmdagbok
ness
14-jun-2006

The Woodsman (2004)

User Rating: 7.4/10 (6,467 votes)

The WoodsmanEg har aldri likt Kevin Bacon så lenge eg kan hugse, ironisk nok fordi han er ein utruleg god skodespelar, og fordi «Sleepers» er den filmen som står sterkast i minne. Rolla hans i denne filmen har få likheiter, trass at begge filmane omhandlar pedofili.

Vår mann spelar Walter, som etter 12 år slepp ut av fengselet. Grunnen til at han sat inne er openbar. Vel ute igjen, rett nok på prøvetid, må han halde følelsane (eller kva det no skal kallast) sine i sjakk, gå på jobb, snakke med psykologen sin og prøve å leve eit vanleg liv. Dette er ikkje lett, difor denne filmen. No skulle du, om du ikkje har sett filmen, kanskje tru at det er ganske lett å tenke seg til handlinga i filmen. Men der må eg skuffe deg, for sjølve handlinga er ikkje det som trekker denne filmen opp. For å sitere Jacob frå denne posten:

Kevin Bacons troverdige fremstilling av den sjeletorturerte Walter.

Og ser ein det, der står litt om HBO-serien «Big Love» og, denne vil eg komme tilbake til når eg i løpet av kortare tid har fullført den første sesongen.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
TMwtP har sagt:

“Og ser ein det, …” Hehehe. Hyggelig at du finner inspirasjon. Selv kom jeg aldri i gang med Big Love, det ble bare med to episoder av en eller annen grunn. Skuespillerne virket jo interessante nok. Kanskje var dette litt for sært for meg? Altså konseptet med flerkoneri. Det er jo ikke akkurat vanlig i vesten.