La Cité des enfants perdus (1995)
User Rating: 7.8/10 (13,500 votes)
Eg slenger meg på Rundbordsanmeldelse 4: Post-apokalyptisk film og tek for meg Jean-Pierre Jeunet og Marc Caro sin «De fortapte barns by».
For dei som har sett «Delicatessen», så er det lett å kjenne igjen stilen til filmen. Den spesielle fargetoninga i filmen er laga ved at skodespelarane blei sminka kvite og fargen blei stilt nok til at kroppen igjen fekk ein vanleg hudfarge.
I eit framtidig Frankrike, i ein surrealistisk by, blir barn kidnappa av ein mann, Krank, som ikkje kan drøyme. Målet hans er å kunne drøyme dei same drøymane som dei via ei maskin viss namn er usikker. Det ikkje fullt så pene utsynet til Krank skapar derimot eit problem, og alle barna frå mareritt framfor gode draumar. Samtidig blir Denree kidnappa, ein liten gut med ein ustoppeleg apetitt. Han er One (1) sin adopterte veslebror, og One blir difor frå seg nåt han blir borte. På jakt etter veslebroren møter One Miette, som viser seg å vere nødvendig for å utrette noko i leiting. Miette er berre barnet sjølv, men er likevel smartare enn velvaksne One.
Filmen byr på velkjente grep frå andre Jean-Pierre Jeunet filmar, i form av 7 ulike versjonar av Dominique Pinon («Delicatessen» , «Un long dimanche de fiançailles» og «Le Fabuleux destin d’Amélie Poulain» ). Ei scene der ein faktor utløyser ei kjede med andre hendingar som endar opp igjen ved starten, noko på lik linje med sjølvmordsforsøket i «Delicatessen». Og fransk musikk, som trekkspel og lirekasse. Bilde er fyllt til randen med detaljar, og eg kunne sikkert sett den opp igjen og opp igjen for alltid å sjå noko nytt. Ting som ei mus med ein magnet knytta til kroppen for å plukke opp ein nøkkel og eit insekt som lystrar etter musikken frå ei lirekasse kan ikkje få meg til å unngå å trekke på smilebandet.
«La Cité des enfants perdus» har tydelegare eit høgare budsjett enn «Delicatessen», og handlinga forflyttar seg frå ei gammal oljeplattform til mange stader nær hamna i den franske byen historien går for seg i, i motsetning til «Delicatessen» som holdt seg stort sett i ei boligkompleks og under jorda. Det har tilogmed blitt brukt dataanimasjonar her, men i så liten grad at det ikkje blir det ein legg merke til.
Med alt dette er det ingen problem for meg å sei at eg likte filmen. I verste fall kan det ha vore for mykje å gripe tak i til tider, men det gir berre ein god grunn til å sjå filmen ein gong til. For den som har lyst å sjå denne, så vil eg anbefale å vere årvåken undervegs, for her er det ikkje råd å falle av lasset.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Denne var helt fantastisk når jeg så den første gang, men et gjensyn i fjor (eller var det i år…?) skuffet littegrann. Den var liksom ikke like vill og uforutsigbar som jeg husket, men for all del: en skikkelig sprø og underholdende film. God anmeldelse forresten!