Biggles (1986)
Lat meg få opne med den godt brukte “eg veit ikkje om eg skal le eller grine”. Å lage ein 1910-tals film på 80-talet ser ikkje ut til å ha gått heilt bra her. Filmen har fått undertittelen Adventures in Time, og det heile startar på tjukkaste 80-talet, med noko av dei dårlegaste spesialeffektane og mest harry 80-tals musikken eg har høyrt. Seint ein kveld blir Jim Ferguson sendt tilbake i tid av eit grusomt blått og falskt lyn, der han møter James “Biggles” Bigglesworth. Biggles minner meg om David Hasselhoff i stil, og han har faktisk vore med i ein tidlegare Baywatchepisode. Vel tilbake i tid må han hjelpe Biggles med eit oppdrag som involverar skuffande tamme flyscener og gjentakande klypping. Så blir han sendt tilbake til no-tiden, og så tilbake. Slik går det utover, og Jim Ferguson er meir hovudperson i filmen enn Biggles sjølv.
Eg hadde forhåpningar til filmen, men fann fort ut at eg burde ha lese litt meir om filmen før eg satte meg ned med den. Eg vart skuffa før det var gått eit minutt. Heldigvis er ikkje filmen lengre enn 90 minuttar, dog 90 minuttar for mykje. Eg kjente ikkje igjen Biggles i filmen frå Biggle i dei 5 Bigglesbøkene eg har lese. Eg kan trygt sei at dette ikkje er noko å bruke tiden på, uansett kor mykje spenning og glede ein har hatt av å lese bøkene.
Hammer House of Horror fans vil nok kjenne igjen Peter Cushing her, men filmen er heller ikkje noko å sjå på grunn av han. Det er få scener han dukkar opp i, og ikkje stort han gjer ut av seg.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10


Den er ikke en gang så dårlig at den blir morsom da? Jeg kan ofte se slike filmer og kose meg med hvor totalt de har misforstått og behandlet materialet de bygger filmen på. En sær, men morsom hobby må jeg innrømme :-D
Det var ein del scener å le av. Så om du er ein av dei som har den hobbyen, så vil du nok ikkje bli skuffa. Eg lo litt her og der, men aldri av det som var meint å vere morsomt… brukte likevel 15 timar på å sjå ferdig filmen. ;)