Filmdagbok
ness
18-jun-2006

Big Love sesong 1

Big Love season 112 episodar.

Det er ikkje tittelen på ein pornofilm, og ikkje ein cheezy song om kjærleik, men ein HBO TV-serie om eit stort ekteskap.

Bill er ektemann, ektemann og ektemann. Han har ca 7 barn, tre hus som deler hage på baksida, og som du sikkert har skjønt, tre koner; Barb, Nicki og Marlene. Han er med andre ord ein polygamist. Sidan dette er USA, så er det ikkje så vanskeleg å tenke seg til at dei har valt å gjere han mormonar busatt i/nær Salt Lake City, Utah. Men Bill har ikkje berre tre koner, han har to Home Plus butikkar i ei kjede han har starta sjølv som sel alt til heimen, og nok av problem. Det største problem er Roman Grant, eller The Prophet. Han eig stort sett alt i, og har nesten fullstendig makt over, Juniper Creek. Ei bortgøymt busetning der andre mormonarar som også praktiserar polygami bur.

Noko av det første eg tenkte når eg sjekka ut denne serien var at ja, her er det ikkje grenser for kva dei finn på som utgangspunkt. Det er ikkje lengre nok med ein vanleg familie med vanlege problem. La oss gi mannen to ekstra koner for å krydre det litt til. Men som dramaserie er det ikkje så verst. HBO kan sakene sine, dog ein kan ikkje rekne med å bli umiddelbart frelst. Denne serien krever sitt, og det tek tid før det blir verkeleg bra. Difor har eg brukt litt lengre tid på serien, og har heller prioritert frisk luft og sosialt samvær framfor eit maraton med mormonarar.

Ingen bombe, polygami er ikkje lovleg. Saken eg vil fram til er at serien stiller kjernefamilien (til Bill) Henrickson i eit godt lys, og at mormonarar som driv med slikt ikkje nødvendigvis treng vere menn som undertrykker kvinner. Er dette er eit reelt bilde av verkelegheiten? Big Love konkluderar ikkje med noko, men viser heller til andre måtar polygami blir utført på og, i skikkelse av bl.a. tidlegare nemnt Roman Grant, ein mann i 70-åra med 14 koner som ventar på den 15. til å bli 16 år, så han “lovleg” kan gifte seg med ho. Forholdet til Gud blir også framstilt ut frå fleire ulike syn her. Nokon brukar han til eiga vinning, noko The Prophet har eit stort talent i. Men Bill sjølv har eit meir avslappa og sunt forhold til Gud. Big Love er ikkje ein tydeleg propagandaserie, men den får fram nok av normale kristne verdiar.

Eg har ikkje lyst å vie meir plass til religiøs diskurs. For å vere ærleg har eg ingen kunnskapar anna enn det eg har fått her, for det eg lært i åra før konfirmasjon forsvann rimeleg fort etter. TV-serien i seg sjølv kan eg gå god for i kategorien drama. Den er derimot ingen ny Sopranos, likevel om likheitene mellom Bill Henrickson og Tony Sopranos er fleire. Produksjonen er god, og eg saknar ingenting verken i form av realistiske kulisser eller på skodespelarfronten. Om eg skal pirke kan eg nemne at bakgrunnen bak hagegjerdet er litt vel tåkete og studioaktig, men pirk driv eg ikkje med.

 

Stengt for kommentering.