ness
19-jun-2006

A Love Song for Bobby Long (2004)

A Love Song for Bobby LongIMDb: 7.2/10 (3,643 votes)

I eit hus i New Orleans bur den alkoholiserte Bobby Long og den litt mindre alkoholiserte Lawson Pines. Pines skriv ei bok om Long, men kjem aldri nokon veg. Ein veg kjem derimot Pursy Will, og det er opp vegen til huset og inn. Etter at mora Lorraine døydde får Pursy vite at huset er hennar, saman med Bobby og Lawson, det dei to veit er at dei ikkje har krav på å bu der lengre enn eit år frå dødsdagen til Lorraine.

Ein kjærleikssong til Bobby Long, som filmen kanskje ville heitt på nynorsk, er ein feel-good film. Det er poesi, litteratur og musikk i massevis her. Bobby (John Travolta) klimprar innimellom på gitaren, siterar store forfattarar og drikk nesten konstant. Lawson (Gabriel Macht) prøver å skrive, noko som ikkje er lett med Bobby hengande over skuldra. Pursy (Scarlett Johansson) pussar opp huset, prøver å skaffe ein jobb, og spelar av musikk som irriterar livet av Bobby.

Det er ikkje så mykje handling. Men det går bra, om du ikkje har noko i mot verken Travolta eller Johansson. Filmen har ei god stemning, og om det ikkje var bra nok, så dukka det opp ein (for meg) velkjent Death Cab For Cutie song midt inni. Den er då kanskje meir alvorleg enn morsom, men er ikkje mørk heller.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10