Good Night, and Good Luck. (2005)
User Rating: 7.9/10 (15,787 votes)
Eit interessant politisk tilbakeblikk på fødselen av 60 Minutes og senator Joseph McCarthy si etterfølging av kommunistar og dei som måtte ha kommunistar i den nære omkretsen sin. Filmen og dei mektige folka øvst i samfunnet her gjorde meg opprømt, og trass det at filmen ikkje er anna enn snakking, arkivfoto og poitikk, så er den ganske god. Eg lurar på om eg kan klare Syriana og?
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Hadde du undertekster, hehe? Det hadde ikke jeg, og ga opp. Men kanskje det var dagsformen? :D Gratulerer med headerbilde!
Ja, ein slik film som dette klarar eg ikkje utan undertekstar. Eg foretrekk eigentleg teksting på alle filmar. Helst teksting på originalspråket (så klart!) om det er eit forståeleg eit.
“Alle” har headerbilde, så eg tenkte å skaffe meg eit eg og. Farge opp sida litt. Einaste “ulempa” med bilde er at sida ser altfor lik ut med standard Kubrick-baserte Wordpress-themet. Nytt theme er under utvikling, men det er masse arbeid når ein skal bygge opp frå botnen av.