Arkivet til jul-2006

Top Gear sesong 8

8 episodar.
Top Gear har aldri vore den serien som har hatt flest program i løpet av ein sesong, og det blei slik denne sesongen og. Elles er det ikkje noko spesielt annleis med denne sesongen enn dei andre. Litt nytt er komme med, som at dei har fått ein eigen Top Gear hund, som ikkje [...]

Hard Candy (2005)

IMDb: 7.2/10 (2,392 votes)
I oppbygginga er denne filmen veldig enkel, og går rett fram frå første sekund. Det er kort og godt fortalt, og me får ingen flashbacks eller avsporingar på vegen. Filmen gir med sitt fulle fokus på den eine handlinga eit detaljert bilde av kva som skjer, og utelet lite til fantasien. Enkelte [...]

Jimmy Carr Live (2004)

IMDb: 8.5/10 (8 votes)
Etter å ha sett «Jimmy Carr Standup» måtte eg sjå denne videoen og. Heldigvis var det berre nye vitsar, eller skal eg sei eldre, og i tillegg til å stå og snakke las Jimmy Carr opp artige annonsar og brev han hadde skrive, samt at han blei intervjua av ei irsk dame [...]

Superman Returns (2006)

IMDb: 7.2/10 (30,744 votes)
Noregspremiere på ein etterlengta film frå mi side, og godt under halvfull kinosal i Sogndal. Eg er litt skuffa over oppmøtet, for har eit lite håp om at alle eigentleg er like glad i mytologien omkring Supermann som eg er.
Forhistorien til filmen er eg litt usikker på, for eg er ikkje så [...]

Jimmy Carr: Stand Up (2005)

IMDb: 8.6/10 (43 votes)
Når det kjem til dissing av folk, folkegrupper og stort sett alt anna, så er Jimmy Carr det beste av standup eg har sett. Her er det så mange grove vitsar om homofili, sjuke folk, aldersgrupper og kjønn at det er litt å gispe over. At han klarar å få folk til [...]

TV samlepost #4

Ebert and Roeper
Alle som kjenner til Roger Ebert veit at han er filmanmeldar. Det same er Roeper, og i lag har dei eit kort filmprogram som går ein gong i veka. Der diskutera dei kort om dei nye filmane som er komme, og kortare om dei som kom forrige veke. Men dei klarar likevel å [...]

Anger Management (2003)

IMDb: 6.0/10 (20,520 votes)
Etter å ha sett den skuffande filmen «Dune» tenkte eg å friske opp kvelden litt med ein enkel, grei komedie. Og «Anger Management» er akkurat det, den er grei, men ikkje meir. Eigentleg er den mindre enn grei, og til og med Jack Nicholson var ikkje artigare enn middels her.
Plotet er ikkje [...]

Dune (1984)

IMDb: 6.4/10 (21,054 votes)
Eit einaste langt gjesp, som eg tvinga meg gjennom i håp om at den skulle bli bra etter kvart, men det skjedde aldri. Eg mista tråden om kven som sloss mot kven, og kvifor krydderet dei snakka om var så viktig, så eg gjekk vel eigentleg glipp av heile historien der.
Blant David [...]

Fritz the Cat (1972)

IMDb: 5.6/10 (1,469 votes)
Innimellom dukkar det opp filmar eg aldri har høyrt om, av merkelege grunnar, som eg absolutt burde ha visst om. Dette er ein slik film. Laga av Ralph Bakshi m.fl., basert på karakterar laga av (The!) Robert Crumb, og den første x-rated animasjonsfilmen, så burde eg absolutt ha lagt merke til den.
Det [...]

Fast Times at Ridgemont High (1982)

IMDb: 7.1/10 (13,539 votes)
Litt ut i filmen kjente eg igjen så mykje av handlinga at eg visste eg måtte ha sett filmen før, men det gjorde ingenting å sjå den igjen. «Fast Times at Ridgemont High» kjem i same sjanger som andre 1980-tals high school komediar eg har sett pris på, på lik linje med [...]

Seinfeld sesong 5

22 episodar.
Det er vel eigentleg ikkje så mykje nytt å skrive om Seinfeld, for serier durar og går i same bane som før. Med unntak av eit par episodar som eg er 100% sikker på at eg har sett i første eller andre, så er eg fornøgd.
Historiar som går igjen her, for dei som ikkje [...]

MASH (1970)

IMDb: 7.8/10 (17,837 votes)
Ei godt eksempel på at krigen i Korea ikkje berre hadde negative sider, men har kunne danna grunnlaget for bakgrunnane til historiane i denne filmen. På lik linje, om ikkje betre enn «Full Metal Jacket» er dette ein av dei beste krigsfilmane eg har sett.
Sprø humor og god ironi, samt mobbing/dissing så [...]

Paris, Texas (1984)

IMDb: 7.7/10 (7,098 votes)
Wim Wenders har laga ein fin film som diverre er litt for lang. Det kan vere dagsformen min, eller det at filmen faktisk er 2 timar og 20 minuttar lang. Men dei stundene filmen ikkje føles for lang i, gjer eit godt inntrykk.
Hovudpersonen vår, Travis, virka umiddelbart veldig kjent på meg, men [...]

Final Destination 3 (2006)

IMDb: 6.1/10 (6,422 votes)
Etterfølgaren til «Final Destination 2» baserar seg på det same som forgjengarane sine, og serverar sprø dødsfall på rad og rekke. Første gong var det eit fly, andre gong var det ein biltur, og denne gongen er det ei berg- og dalbane.
Det er med andre ord ikkje nokon revolusjonerande film, og når [...]

Sex, Lies, and Videotape (1989)

IMDb: 7.0/10 (9,412 votes)
Etter å ha sjekka resymeet til Soderbergh oppdaga eg at eg faktisk har sett ein del av han før. Filmar som «Traffic», «Ocean’s Eleven» og «Ocean’ts Twelve», «Solaris», og pilot-episoden av «Unscripted» (som eg ikkje likte).
«Sex, Lies and Videotape» blir ganske annleis samanlikna med dei eg har sett, ettersom den er mykje [...]

Big Fish (2003)

IMDb: 8.0/10 (50,128 votes)
I går prøvde eg meg for andre gong på denne filmen, og fann den utruleg mykje lettare å sette seg inn i. Eg mistenke difor Jon Blund for å ha æra eine og åleine av å ha forstyrra meg sist gong.
Lite overraskande når det gjeld Tim Burton er dette ein litt spesiell [...]

Sh15uya sesong 1

12 episodar.
Etter lang ventetid fekk eg sett ferdig dei to siste episodane, ettersom det ikkje var den raskaste kjelda eg fann fram til. Serien handlar om ein gjeng 15-åringar som i gjengar slåss om ulike område i Shibuya (ein bydel i Tokyo), men det er ikkje det vanlege Shibuya det er snakk om, men ei [...]

Easy Rider (1969)

IMDb: 7.2/10 (13,753 votes)
Etter å ha lese kapittel 2 i Easy Riders, Raging Bulls (bok), følte eg for å sjå denne filmen som eg har hatt liggande i over 1 år utan å gitt den nærmare merksemd. Men den sprø historien rundt produksjonen satte fart på sakene, og eg angrar ikkje eit sekund på å [...]

Dirty Deeds (2002)

IMDb: 6.3/10 (1,027 votes)
Handlingsresume er å finne via IMDb, så det gidd eg ikkje skrive her til denne filmen.
Med historien satt til 1960-talets Sydney er det gjennomsyra med pastellfargar og motar frå tiåret. Kamerautsnittet på skrå her og der i så stor skala at eg måtte le av heile greia. Det er gjennomført med tanke [...]

Day of the Dead (1985)

IMDb: 6.7/10 (7,946 votes)
Det begynnar å bli ei stund sidan forrige film, meir bestemt ei veke. Når eg endeleg fekk sete meg ned med ein film blei det ein eg lenge har hatt lyst å sjå, men oftast har skyvd bakover i bunken til fordel for nyare filmar.
«Day of the Dead» fortsett etter der «Dawn [...]