ness
03-jul-2006

American Dreamz (2006)

IMDb: 5.8/10 (2,208 votes)

American Dreamz«American Dreamz», dreamz with a z, er av den type film som har ein god og morsom filmtrailer som eg gjerne ser meir enn ein gong. Filmen er dessverre ikkje, noko som ikkje er overraskande, så god som den gir uttrykk for i filmtraileren. Den er derimot betre enn mykje av det andre som kjem ut, i og med at den tek satire på eit nivå som i grunn ikkje foreset anna enn basiske amerikakunnskapar, og kombinerar det med den vanlege typen humor. Med det tenker eg på Hollywood utan fyll og fest.

Eg trur likevel du bør skygge unna denne viss du er på jakt etter ein blanding av «American Pie», «About a Boy» og «In Good Company». Likevel om det er same regissøren og mange av dei same skodespelarane, blir det ikkje same moroa som det var i dei to førstnemnte.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10