ness
05-jul-2006

Find Me Guilty (2006)

Find Me GuiltyIMDb: 7.1/10 (1,179 votes)

Etter «The Pacifier» var det ikkje godt å vite kva Vin Diesel ville finn på som neste film, men når eg såg filmtraileren til denne filmen satte eg den kjapt på vil-sjå-lista mi. Filmen er meir enn traileren var, med ekte old-style gangstermusikk og favorittdvergen min Peter Dinklage («The Station Agent» og «Life As We Know It»). Sjølvsagt er det ikkje berre dette som gjer filmen god, Vin Diesel gjer ei morsom rolle som Giacomo «Jackie Dee» DiNorscio, utan å gå over streken i dumheit. Linus Roache klarar å stå fram som ein oppegåande bad-guy good-guy, og unngår å bli framstilt som folkefiende.

Med sine litt over 2 timar skulle ein fort tru det kunne bli kjedeleg, men eg føler filmen utviklar seg, og går så fort i tiden den strekker seg over at det fungerar. Eg er lite kjent i rettsal-sjangeren, bortsett frå å ha sett eit par episodar «Judging Amy», og har danna meg eit bilde av at ein rettsal er vitneutspørring og holding av talar. Filmen gjer ikkje noko nytt og er for det meste dette, og blir ikkje det heilt store i overraskingar. Men som film går det likevel. Eg kan framleis ikkje heilt sjå for meg Vin gjere anna enn å springe rundt og lire av seg typiske slengkommentarar. La oss håpe på fleire “alternative” rollar for han i framtiden.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10