That ’70s Show sesong 1
25 episodar.
Det er cirka 1 år sidan eg såg ferdig første sesong av denne serien for første gong. Og sidan den gong har eg sett resten av serien til eg blei ferdig med den endelege sesong nummer åtte på slutten av våren.
Med god kjennskap til rollefigurane og ein idé om framtiden var det difor med andre auger eg såg på serien denne gongen. Umiddelbart blei det eit lite sukk, men serien kom heldigvis opp på godt nivå etter eit par episodar. Eg kjente igjen tilnærma alle episodane i handling, men er ingen kløppar på å hugse replikkar, så alt utanom dei beste punchlines gleda like mykje denne gongen. Men det er ikkje til å unngå å legge merke til at ferdigheitene til gjengen framfor kamera blir betre utover åra, for det er ikkje serien sterke side.
Når eg tenker over kva grunnen til at eg likar serien kan vere dukkar det opp følgande alternativ: tidsepoken og settingen gir ein litt meir groovy feel, det er meir fokus på gode gamle hobbyar og trender framfor å vere ein ungdomsserien som prøver å vere eit forbilde for dagens ungdommar. Det er greitt å sleppe unna mobiltelefonar og internett. Realisme er ikkje så nøye med, dumbass!
