Filmdagbok
ness
06-jul-2006

Sweet Insanity (2006)

Sweet InsanityUser Rating: 2.7/10 (176 votes)

Eg fekk aldri sjansen til å bli med på å lage noko film verken på ungdomsskulen eller vidaregåande, men eg trur resultatet ville ha komme i same bane som denne.

Den startar på artig vis, med ei scene der hovudrolla Stacey spring gjennom natta iført tynn nattkjole, antageleg med nokon etter seg. Så blir det dag, og me blir introdusert til vennene til Stacey som alle har kvalitetar som å vere søt, har bra kropp eller når det gjeld gutane, ser ut som modellar. Dei har også alle til felles å vere ekte dritt framfor kamera. Noko som ikkje hjelp sidan historien både heng tynt saman, og er lite spennande, tross det store lasset med typisk spenningsmusikk som i andre thrillerfilmar.

“Sweet Insanity” is an odd mixture of low budget and talentless actors.

Det låge budsjettet merkast på bilde- og lydkvaliteten.

A 90-minute horror movie packed full of chills, SWEET INSANITY is about a new girl at the high school who terrifies her classmates with her mysterious powers.

Diverre fekk eg ikkje med meg noko av dette, kanskje eg har fått ein versjon med bortklyppte scener? Så, kva var eigentleg grunnen til at eg såg denne filmen? For det første den dårlege ratingen, innimellom får eg berre lyst å sjå ein dårleg film der eg kan hakke ned på alt og alle, rett og slett kose meg på andre si bekosting, ein uvane eg har. For det andre, vel, det var ingen fleire grunnar i utgangspunktet, men årsaka til at eg klarte å sjå ferdig filmen var utvilsomt dei søte jentene, utan dei hadde ikkje dette gått. Eg burde ha slakta filmen totalt, men eg klarar det ikkje, den var morsom på sin måte. Eg må likevel advare alle normale folk!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
TMwtP har sagt:

Du er en beundringsverdig nøktern kar, Asbjørn. For dette var det dårligste jeg noensinne har sett.

ness har sagt:

Hehe. Det vil sei du er nokolunde normale =) . Grunnen til at eg ikkje plasserte denne heilt på botnen var nok det at eg har kjeda meg meir med andre filmar. Her var det i det minste litt eye-candy ;) .