Easy Rider (1969)
Etter å ha lese kapittel 2 i Easy Riders, Raging Bulls (bok), følte eg for å sjå denne filmen som eg har hatt liggande i over 1 år utan å gitt den nærmare merksemd. Men den sprø historien rundt produksjonen satte fart på sakene, og eg angrar ikkje eit sekund på å ha funne fram godstolen og sett den i kveld.
Wyatt (Peter Fonda) og Billy (Dennis Hopper) set seg på motorsyklane sine og legg ut på ei reise frå L.A. til New Orleans for å oppleve Mardi Gras. Med seg har dei gøymt kokain i bensintanken som dei skal selge og bli rike på, for så å slå seg ned i Florida etter Mardi Gras.
Undervegs får me sjå flotte køyrescener med 60-tals rock, høyre sprø historiar rundt leirbålet, møte hippiar og oppleve den beste LSD-trippen eg har sett på film. Dessutan dukkar Jack Nicholson opp i rollen som skulle sette fart på karrieren hans, der han spelar like fantastisk som alltid.
Det vil vere å ta for hardt i å sei at filmen er satt sammen på ein god måte, det heile virka ganske enkelt, men det går likevel så godt at eg er storfornøgd med den. Så vel verdt 94 minutt, ein film som må sjåast!
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

