Sh15uya sesong 1
12 episodar.
Etter lang ventetid fekk eg sett ferdig dei to siste episodane, ettersom det ikkje var den raskaste kjelda eg fann fram til. Serien handlar om ein gjeng 15-åringar som i gjengar slåss om ulike område i Shibuya (ein bydel i Tokyo), men det er ikkje det vanlege Shibuya det er snakk om, men ei avsperra eit der det skjer mystiske saker som ingen kan forklare.
Serien startar med at Tsuyoshi vaknar opp i ei sidegate med ein lappe i munnen der det står at han må komme seg ut av Shibuya. Litt etter litt finn han ut at ting ikkje er som det skal vere, og prøver å ordne opp, men det er lettare sagt enn gjort. For kontrollen over Shibuya er ikkje så lett tilgjengeleg.
Førsteinntrykket mitt av denne japanske serien var heller labert. Med ein klyppefrekvens og ei kameraføring som ein typisk MTV-serie blei eg litt oppgitt første episode, men det tok seg veldig opp heilt på slutten, og eg måtte sjå neste episode umiddelbart. Når eg i løpet av andre episode kom meg meir inn i den spesielle og mystiske historien fanga den interessa mi ein del meir, og med ein god cliffhanger på slutten av kvar episode såg eg det eg hadde tilgong til heile vegen.
Eg har aldri sett ein japansk serie før, bortsett frå anime, og er ikkje så kjent med korleis dei andre er. Her er det dessutan barn/ungdom som spelar i rollane. Men det fungerte rimeleg greitt, og klarar ein å oversjå dei litt småteite kommentarane til Piece eller dei rare stilane til folk elles, så er det duka for god underhalding. Takk til sharkbait via denne tråden på Filmantrop forumet for å ha opplyst om serien.
