Big Fish (2003)
I går prøvde eg meg for andre gong på denne filmen, og fann den utruleg mykje lettare å sette seg inn i. Eg mistenke difor Jon Blund for å ha æra eine og åleine av å ha forstyrra meg sist gong.
Lite overraskande når det gjeld Tim Burton er dette ein litt spesiell film, med eit snev av overnaturlege element, både i form av ein heil del fargerike historiar, og utanom. Ewan McGregor er den unge Edward Bloom som er sentral i dei fleste historiane, om ikkje alle. Han er langt i frå min favorittskodespelar, og eg klarte aldri heilt å sjå forbi det sleipe gliset hans. Filmen klarte heller ikkje heilt å involvere meg, og stundene det var meint å vere ei overhengande småtrist atmosfære fekk meg ikkje til å føle noko. Eg er litt skuffa på desse to punkta. Men historiane som blir fortalte er gode, og ikkje minst fortalt i flotte omgivnader med hjelp av ekte originalar.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

