ness
21-jul-2006

Sex, Lies, and Videotape (1989)

IMDb: 7.0/10 (9,412 votes)

Sex, Lies and VideotapeEtter å ha sjekka resymeet til Soderbergh oppdaga eg at eg faktisk har sett ein del av han før. Filmar som «Traffic», «Ocean’s Eleven» og «Ocean’ts Twelve», «Solaris», og pilot-episoden av «Unscripted» (som eg ikkje likte).

«Sex, Lies and Videotape» blir ganske annleis samanlikna med dei eg har sett, ettersom den er mykje meir jordnær og menneskeleg. Det er ikkje noko omfattande og kriminelt som i «Traffic» eller utanomjordisk som i «Solaris». Dette kunne ha skjedd i nabolaget ditt, iallfall i verste fall. Det kunne forsåvidt «Traffic» og, men ja, eg håpar eg blir forstått. Viss ikkje, så drit og. Eg likte iallfall denne filmen mykje betre enn «Traffic». Eg klarte å få kontroll på handlinga her, og karakterane samtala på ein måte som var absolutt fengslande. Det skal heller ikkje leggast skjul på at dei erotiske tema som blir tatt opp i nokon/flesteparten av samtalane var interessante.

Tidlegare har eg nemnt at eg ikkje likar Andie MacDowell. Men her var det faktisk ikkje eit problem. Rett nok synst eg fortstatt ikkje ho er noko særleg pen, men det er vel kanskje ikkje direkte sakleg å skrive om i denne samanhengen.

Peter Gallagher er som alltid stilig, og med eit bilde av han danna gjennom «The O.C.» så klarar eg ikkje forestille meg han som nokon drittsekk, uansett kva han gjer her. All ære til mannen med dei store augebryna, og Steven Soderbergh, og alle dei andre.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10