ness
22-jul-2006

Final Destination 3 (2006)

Final Destination 3IMDb: 6.1/10 (6,422 votes)

Etterfølgaren til «Final Destination 2» baserar seg på det same som forgjengarane sine, og serverar sprø dødsfall på rad og rekke. Første gong var det eit fly, andre gong var det ein biltur, og denne gongen er det ei berg- og dalbane.

Det er med andre ord ikkje nokon revolusjonerande film, og når det heile blir gjennomført med ein gjeng ukjente fjes, gjerne med ein bakgrunn frå TV, er det ikkje å forvente noko spesielt her. Som underhalding og ungdomsfilm er det heilt greitt, og likevel om eg har sett historien før var det artig å sjå den igjen.

Måten folk dør på her er svært så blodig og grotesk, men ikkje grusom på den måten som «Saw II» gjorde det. Her er det ei overnaturleg kraft som set i gong det heile, og tanken om at det ikkje er menneske som står bak drapa letta nok trykket. Oppbygginga rundt kvar enkelt drapsepisode er godt detaljert, men kan finne på å overraske - til ein viss grad.

Forvent med andre ord ikkje anna enn det du (kanskje) har sett i «Final Destination 1» og «2». Men pass på å legge merke til fokuseringa på produkt som Apple Mac og iPod, Panasonic digitalkamera og Motorola Razr.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10