Filmdagbok
ness
23-jul-2006

MASH (1970)

MASHUser Rating: 7.8/10 (17,837 votes)

Ei godt eksempel på at krigen i Korea ikkje berre hadde negative sider, men har kunne danna grunnlaget for bakgrunnane til historiane i denne filmen. På lik linje, om ikkje betre enn «Full Metal Jacket» er dette ein av dei beste krigsfilmane eg har sett.

Sprø humor og god ironi, samt mobbing/dissing så ondsinna at det er ein fryd å sjå på gjer 2 timar til ingenting. Og karakterar som Hawkeye (Donal Sutherland) og Trapper John (Elliott Gould) er tvers igjennom galne. Det er heller ikkje å legge skjul på at Hot Lips (Sally Kellerman) lyser opp i den elles møkkete settingen.

Hot Lips: I wonder how a degenerated person like that could have reached a position of responsibility in the Army Medical Corps.
Dago Red: He was drafted.

Filmen frista meg nesten til å sjekke ut litt av TV-serien, som eg aldri har fulgt med på. Dessutan gir den meg trua på at det kan vere verdt å sjekke ut meir av Robert Altmans filmar.

Kan og nemne at dette er ein film eg gjerne trur eg vil sjå igjen i ei ikkje så altfor fjern framtid.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 

Du må vere innlogga for å kommentere.