ness
23-jul-2006

Paris, Texas (1984)

Paris, TexasIMDb: 7.7/10 (7,098 votes)

Wim Wenders har laga ein fin film som diverre er litt for lang. Det kan vere dagsformen min, eller det at filmen faktisk er 2 timar og 20 minuttar lang. Men dei stundene filmen ikkje føles for lang i, gjer eit godt inntrykk.

Hovudpersonen vår, Travis, virka umiddelbart veldig kjent på meg, men eg klarte ikkje heilt å kople. Det måtte IMDb til før eg fann ut at han faktisk spelte ei stor rolle i Big Love, men eg har også sett andre filmar med han i, likevel om eg aldri heilt har tenkt over kven Harry Dean Stanton er.

Travis har vore sporlaust borte i 4 år når han får kontakt med bror sin igjen. Broren har teke vare på den no 8 år gamle sonen, sidan gutungens mor også har forsvunne. Etter kvart som Travis begynnar å kvikne til, får han igjen stemma og begynnar å oppføre seg som eit normalt menneske.

Det er ikkje så lett å forklare så mykje meir om filmen utan å røpe for mykje av handlinga. Tema i filmen og andre djupare ting la eg aldri vekt på å finne ut av, men heller på å sjå filmen som ein vanleg film. Noko den absolutt fungerte som.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10