Seinfeld sesong 5
22 episodar.
Det er vel eigentleg ikkje så mykje nytt å skrive om Seinfeld, for serier durar og går i same bane som før. Med unntak av eit par episodar som eg er 100% sikker på at eg har sett i første eller andre, så er eg fornøgd.
Historiar som går igjen her, for dei som ikkje hugsar tilbake, eller eventuelt ikkje har sett episodane før, er som følgande: Kramer er i gong med ei bok om kaffibord, som kan brukast som kaffibord, ein ide som Elaine ikkje er så glad i, sidan ho må jobbe med Kramer via Pendant Publishing. George er som alltid arbeidslaus, og har nådd så djupt at han bur hjå foreldra sine. Jerry, vel, han får ny dame heile vegen, og gjer det han pleier å gjere. Vegen mot ein TV-karriere går ikkje vidare i denne sesongen.
