Anger Management (2003)
User Rating: 6.0/10 (20,520 votes)
Etter å ha sett den skuffande filmen Dune tenkte eg å friske opp kvelden litt med ein enkel, grei komedie. Og Anger Management er akkurat det, den er grei, men ikkje meir. Eigentleg er den mindre enn grei, og til og med Jack Nicholson var ikkje artigare enn middels her.
Plotet er ikkje så spennande. Dave (Adam Sandler) rotar seg bort i noko bråk på eit fly, og endar opp i ei støttegruppe for folk som blir lett sinte. Men Dave er ein tilbaketrukken fyr som ikkje brukar å bli sint, og føler seg ganske så frustrert når han blir pressa til å bli med i denne gruppa. For oss som ser på så er det einaste frustrerande at det ikkje skjer noko spennande eller originalt. Det er frustrerande at filmen går i same retning som alt anna av Hollywood komedie. Det som reddar filmen litt er slutten, men om eg nemner den så blir resten bortkasta.
Alt i alt vart eg i betre humør av denne etter Dune, men ikkje mykje betre. Berre pittelitt litt.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
