Fritz the Cat (1972)
User Rating: 5.6/10 (1,469 votes)
Innimellom dukkar det opp filmar eg aldri har høyrt om, av merkelege grunnar, som eg absolutt burde ha visst om. Dette er ein slik film. Laga av Ralph Bakshi m.fl., basert på karakterar laga av (The!) Robert Crumb, og den første x-rated animasjonsfilmen, så burde eg absolutt ha lagt merke til den.
Det mykje å gripe tak i denne filmen, som i opprøret den gjer mot autoritetar, i den konstante ignoreringa av politiet, som i og for seg er framstilt i to griseskikkelsar, eit dametoalett i ei jødisk kyrkje (eller tydelege eit bygg berre for menn/rabbiar), og elles i kommentarar her og der. Filmen eg også overfyllt med banning, sex og narkotika, noko som tydeleg er grunnen til at den har blitt x-rated.
Teikningane er i beste Robert Crumb stil; rotete, men detaljerte og gode. I tillegg blir det brukt mange fargerike bakgrunnar som er med på å fange stemninga og humøret til filmen. Så det tekniske er ingenting å klage på.
Men historien er eigentleg litt tynn, og trass i at filmen varer i 75 minuttar, så blir det 75 lange minuttar. Eg skulle gjerne sett at filmen hang meir saman, og ikkje legge så mykje vekt på å stadig sjokkere med nakenheit og vald, det gjekk litt utover filmen som heilheit.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
