Filmdagbok
ness
27-jul-2006

TV samlepost #4

Ebert and Roeper

Alle som kjenner til Roger Ebert veit at han er filmanmeldar. Det same er Roeper, og i lag har dei eit kort filmprogram som går ein gong i veka. Der diskutera dei kort om dei nye filmane som er komme, og kortare om dei som kom forrige veke. Men dei klarar likevel å få dekke mykje av kvifor ein film er verdt å sjå eller ikkje. Dette var interessant nok til at eg vil sjekke ut neste vekes episode, der Kevin Smith vikarierar for Ebert.

Mahoraba Heartful Days

Eg prøvde meg på denne animeen igjen, men det blei med ein episode denne gongen. Det vart litt slitsomt å sjå på, samt at eg har mine tvil om kor vidt historien går nokon veg. Dette liknar ganske mykje på «Love Hina». (Forrige gong eg såg Mahoraba).

Done The Impossible

Ein dokumentar eller intervjurunde med fans av TV-serien «Firefly», og korleis den tok steget frå å vere kansellert på TV til å bli påkosta storfilm. Eg såg vel 10 minutt før eg måtte innsjå at dette berre var oppgulp heile vegen. Hadde eg hatt meir tålmodigheit så hadde eg spolt meg fram til alle samtalane med Joss Whedon og dei andre frå «Firefly», men nei.