Filmdagbok
ness
30-jul-2006

Hard Candy (2005)

Hard CandyUser Rating: 7.2/10 (2,392 votes)

I oppbygginga er denne filmen veldig enkel, og går rett fram frå første sekund. Det er kort og godt fortalt, og me får ingen flashbacks eller avsporingar på vegen. Filmen gir med sitt fulle fokus på den eine handlinga eit detaljert bilde av kva som skjer, og utelet lite til fantasien. Enkelte bilde får me rett nok ikkje sjå, men det vil nok dei fleste vere enig i at er ein bra ting.

Filmen kviler i hovudsak på skuldrene til dei to hovudrollane Jeff og Hayley, spelt av Patrick Wilson og Ellen Page. Det er mange nærbilde og mellomlange ‘takes’ der oppførselen er viktig. Dette er jo også eit thrillerdrama der rollar er i sentrum.

Handlinga baserar seg på at ei 14 år gammal jente, rimeleg smart/moden for alderen, møter ein fyr via chatting på nettet som ho møter med og blir med heim. Vidare forklaring blir ikkje røpt her, likevel om filmtraileren røper meir enn meg, så er det betre til mindre ein veit om kva som skjer.

Om filmen levde opp til forhåpningane mine? Både ja og nei. No hadde eg rett nok ikkje dei spesielle forhåpningar etter å ha sett filmtraileren, men tenkte meg meir ein film i retning av eit politidrama, av ein eller anna grunn. Det eg fekk var ei rett fram historie om to enkle, eller ikkje fullt så enkle likevel, sjeler. Det er ingen spenningsfilm, og kan i verste fall føre til at ein sovna, noko eg ikkje hadde problem med å unngå. Men ein kamerat av meg snorka på sofaen frå midten av filmen. Eg er fornøgd med filmen, og kan delvis anbefale den. Likar du ideen etter å ha lese eit handlinsresyme, så likar du sikkert filmen.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
TMwtP har sagt:

Fin poster, uten at jeg kan si om den passer til filmen eller ikke. Siden din blir forresten bedre og bedre.

TMwtP har sagt:

Ojojoj. Liten rettelse på den forrige :) Usedvanlig irriterende kommentargodkjenning? Jeg ble ikke tatt med tilbake til siden din etter godkjenning, det gjør det vanskelig for folk å kommentere. Mitt beskjedne forslag hvis du er plaget med spam er å installere akismetpluginen. Jeg får INGEN spam gjennom det filteret. De som det er tvil rundt legges i godkjenningslisten min. Ellers bra!

ness har sagt:

Oki doki. Skal sjå på akismet når eg kjem heim igjen om vel 1 time. Og takk for skrytet, det varmar alltid =) Iallfall når det stemmer at eg har prøvd å heve kvaliteten på enkelte ting her og der.

Angåande posteren så trur eg den bør bli sett på som ho som eit lokkemiddel for “ulven” i historien. Men det er nok fleire betydningar bak denne, utan at eg vil røpe mine tankar før folk ev. har sett filmen.

asbjørn via firefox har sagt:

Installert og i bruk, akismet er.