Filmdagbok
ness
31-jul-2006

Top Gear sesong 8

Top Gear season 88 episodar.

Top Gear har aldri vore den serien som har hatt flest program i løpet av ein sesong, og det blei slik denne sesongen og. Elles er det ikkje noko spesielt annleis med denne sesongen enn dei andre. Litt nytt er komme med, som at dei har fått ein eigen Top Gear hund, som ikkje gjer noko. ‘Star in a reasonable priced car’ er oppdatert, og opningssekvensen har blitt fornya. Det same kan seiast om studio og, men alt dette er berre mindre endringar som ikkje forandrar noko på grunninnhaldet i programmet, nemleg røffe bilar og rask køyring. The Stig er fortsatt The Stig, og dei tre programvertane kranglar fortsatt så busta fyk med jamne mellomrom.

Skal eg få rette litt kritikk så kan eg seie at eg har merka ein liten nedgong i nyskaping. Som eg skreiv så blir det ein del krangling, og den er ikkje alltid like godt gjennomført. Alt står sjølvsagt i manuset, så det kjem ein del an på skodespelarferdigheitene til vertane, og den er ikkje så sterk. Hadde dei fokusert meir på bil, og litt mindre på det, så hadde eg vore fornøgd. Heilt utan morsomheiter må det sjølvsagt ikkje bli, det er jo det som gjer Top Gear til Top Gear.

 
Fred Ut har sagt:

Jeg digger Top Gear og American Chopper, også har jeg ikke lappen engang.

ness har sagt:

Då vil du kanskje glede deg over å høyre at James May (mannen med det lengste håret) skal på road-trip gjennom Europa med ein kamerat. Dette blir no veldig snart, og vil bli vist i eit program over fleire veker, mest sannsynleg i tidsrommet til Top Gear (litt usikker).

Lurar på om det var snakk om vindrikking og, i Frankrike og Italia. Litt Sideways kanskje.. gledar meg iallfall =)

ness har sagt:

Oz & James Big Wine Adventure er namnet.