User Rating: 6.7/10 (7,946 votes)
Det begynnar å bli ei stund sidan forrige film, meir bestemt ei veke. Når eg endeleg fekk satt meg ned med ein film blei det ein eg lenge har hatt lyst å sjå, men oftast har skyvd bakover i bunken til fordel for nyare filmar.
«Day of the Dead» fortsett etter der «Dawn of the Dead» slutta, og me møter ei håndfull mennesker som er igjen i ein militærbase, omringa av blodtørste levande lik. Med selskap i eit fåtall forskarar skal dei prøve å finne ut korleis dei kan stoppe dei levande lika før dei drep kvarandre.
Filmen er grotesk på ein fin måte, om det går an å sei det. Det meste når det gjeld avsliting av kroppsdeler, jafsing og gnafsing og blod, er så overdrevent at det ikkje er til å unngå å trekke på smilebandet. Og når ein først trur ein har sett det verste, så overraskar filmen igjen og igjen.
Diverre føles filmen som om den ikkje har fått all verdens pengestøtte, noko som resulterar i veldig mykje dialog, og litt for lite handling. Den kjem heldigvis ikkje i nærheiten av måten dei siste «Planet of the Apes» filmane var lagt opp, og er på den måten heilt akseptabel. Det har seg berre slik at det tek for lang tid før det blir fart i ting.
Filmmusikken i «Day of the Dead» er noko av det med mest trøkk i eg har opplevd på ei stund, og den har ein ting med å dukke opp overalt. Per i dag ville ein ikkje ha funne på å spe i så mykje «typisk» stemningsmusikk om det ikkje var meint som overdriving, og det blir slik i filmen at ein ikkje kan unngå å le av alle trommevirvlane kombinert med spenning i bilde, o.l.
Musikken er ikkje det einaste å le av, skodespelarane er nok ikkje plukka ut av eliten, og kan til tider oppføre seg som ein gjeng med amatør-teaterskodespelarar.
Men tross desse tilsynelatande negative faktorane mislikar eg ikkje filmen, men storkoste meg nesten heile vegen, med unntak av eit kvarter midt inni, der ting gjekk litt seint. Alt gørret, musikken og ikkje minst skodespelarprestasjonane i kombinasjon viste seg å vere ganske kraftfullt.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Comments Off