Huff sesong 2
13 episodar.
Eg kan ikkje unngå å føle meg litt tom innvendig, for når ein har fylgd ein serie i eit og eit halvt år (med pause innimellom), så set det sine spor. TV-serien «Huff», som er produsert av, og går på Showtime (USA), starta å sende i november år 2004.
Huff er kort for Huffstodt, og kallenamnet til einbarnsfaren og psykologen Dr. Craig Huffstodt. I tillegg til den smarte sonen hans, har han ein schizofren bror, ei mor som er litt for glad i alkohol, ein advokatvenn som er litt for glad i festing og rusmiddel, samt ein far som reiste sin veg når han var ung. Nok av problem å gripe fatt i her. Og det blir ikkje betre når ein av pasientane hans skyt seg sjølv i hovudet på kontoret hans. Den utløysande faktoren som får det til å tippe over. Slik startar første sesong.
Historien vidare i sesong 1 skal eg hoppe over, for dette omhandlar tross alt sesong 2. Med forventningar om at serien skulle fortsette på same nivå som første sesong hadde, vart eg diverre skuffa etter kvart som vekene gjekk. Det vart så kjedeleg etter ei stund at eg faktisk gav opp, og eg kom ikkje på at eg ikkje hadde fullført sesongen før 2 veker etter den var avslutta. Eg satte meg difor ned for å sjå dei 4 siste episodane, ei økt som igjen fekk meg til å sette pris på «Huff» som den serien den ein gong var.
Mot slutten av første sesong var det usikkert om Showtime skulle fornye serien, og det var difor ikkje noko bombe at den ikkje blei fornya for ein tredje sesong. Eg stiller meg forsåvidt positiv til at det ikkje kjem ut meir, for eg føler serien ikkje har noko meir av interesse å fordjupe seg i. Likevel om serien har gjort at eg har fått opp augo for skodespelaren Oliver Platt, som spelar den festglade advokatvennen Russell, har den eigentleg ikkje bidrege med så mykje. Eg trur faktisk rollefiguren Russell er hovudgrunnen til at denne serien i heile tatt har vore artig å følge med på. No skal seiast at resten av serien har sine augneblikk innimellom, og spesielt mot slutten skjer det veldig mykje. Eit fenomen som også fann stad i sesongavslutninga til første sesong, med ein av dei betre cliffhangerane eg kan komme på. Det er tydeleg at produksjonsselskapet har skjønt at serien ikkje hadde noko framtid, og det er lagt god vekt på ei gradvis nedtrapping mot slutten, likevel om nokre trådar forblir uløyste.
Andre sesong fokuserar meir på kjente av den familien som er kjerna i serien, og dette er grunnen til at eg føler at store delar av sesong berre står i stampe. Utgangspunktet for at eg framleise å sjå serien, i tillegg til den fantastisk artige skodespelaren Oliver Platt, var at eg tykkte familien Huffstodt var eit interessant problem. Det er difor ikkje rart eg blir skuffa når meiningslaust gruff dukkar opp heile vegen. Konklusjonen blir dermed at du ikkje går glipp av noko, så lenge du ser ein episode eller to for å oppleve Oliver Platt på topp!

13 episodar.


Det er cirka 1 år sidan eg såg ferdig første sesong av denne serien for første gong. Og sidan den gong har eg sett resten av serien til eg blei ferdig med den endelege sesong nummer åtte på slutten av våren.
Eg ser i ettertid at eg har vore veldig raus med å putte Absolutt anbefalt som mi meining på ulike filmar denne månaden. Heile 7 filmar har fått dette stempelet, men så har eg også sett 38 i løpet av juni.
«American Dreamz», dreamz with a z, er av den type film som har ein god og morsom filmtrailer som eg gjerne ser meir enn ein gong. Filmen er dessverre ikkje, noko som ikkje er overraskande, så god som den gir uttrykk for i filmtraileren. Den er derimot betre enn mykje av det andre som kjem ut, i og med at den tek satire på eit nivå som i grunn ikkje foreset anna enn basiske amerikakunnskapar, og kombinerar det med den vanlege typen humor. Med det tenker eg på Hollywood utan fyll og fest.
(0 hittil)