Filmdagbok
ness
31-aug-2006

Evil Dead II (1987)

Evil Dead IIUser Rating: 7.8/10 (20,834 votes)

Då fekk eg sett siste filmen i trilogien, eller eigentleg andre, men sidan eg allereie har sett Army of Darkness

Samanhengen mellom The Evil Dead og denne var litt vag, men koplinga til den tredje filmen var rimeleg tydeleg, og eg forstod litt meir omkring det med motorsaga og armen blant anna, for dei som har sett filmen så veit dei kva det er snakk om her.

Filmen er på lik linje med dei andre utruleg festleg, med masse humor, blodig humor. Bruce Campbell skuffar ikkje her heller, og eg begynnar å bli redd for den dagen då eg ikkje har igjen usette filmar med fyren.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
31-aug-2006

Stay Alive (2006)

Stay AliveUser Rating: 3.6/10 (2,677 votes)

Jon Foster («Life As We Know It»), Samaire Armstrong («The O.C.») og Frankie Muniz («Malcolm in the Middle») er kjerna i denne rimeleg anonyme filmen.

Historia er basert på eit spel, «Stay Alive», som handlar om nettopp det å halde seg i live. For dør ein i spelet, så dør ein i realiteten og. Det er snakk om skumle saker her! Ja, filmen er faktisk litt skummel, det var ikkje eit dårleg forsøk på å vere sarkastisk. Men den klarar ikkje gjennomføre det godt nok, det blir greie oppbyggingar som resulterar i dårlege og tamme drap. Det hjelp ikkje filmen at den er full i lause trådar og ulogiske koplingar. No er ikkje det med logikk noko ein bør legge vekt på i ein slik film uansett, men her klarte eg ikkje unngå å fnyse av enkelte detaljar.

Filmen har fått ei rimeleg svak rating på IMDb, synd for dei som har laga den i grunn, for spesialeffektane må ha kosta litt. Dei er på langt nær så gode som i «Silent Hill», men så er jo dette ein film om eit dataspel, ikkje basert på eit dataspel. Uansett kan ikkje dei som har produsert filmen ha håpt på anna publikum enn amerikansk TV-ungdom. For i tillegg til dei eg nemnte innledningsvis har også Sophia Bush («One Tree Hill») ei rolle her, viss det skulle interessere nokon. Med «The O.C.», «Life As We Know It» og «One Tree Hill» skodespelarar har dei i grunn satt ein standard.

Trass alt det dårlege i filmen, var den som nemnt litt småskummel, og eg føler ikkje at eg har sett ein fullstendig flopp. Den er heller ikkje morsomt dårleg, men hamnar midt på treet. Altså, her er det snakk om Bonsai.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
31-aug-2006

Modern Times (1936)

Modern TimesUser Rating: 8.5/10 (14,335 votes)

Merittlista mi med Charles Chaplin-filmar er skremmande kort, og Modern Times har lenge stått på lista over filmar eg skulle ha sett, sammen med «The Great Dictator». Så, i går, på forelesing i faget med den kjekke tittelen «Ting og teikn» fekk eg endeleg komme i gang med filmen.

60 minuttar seinare var det stopp, og tiden var over. Så eg måtte ty til dei kreative metodane for å skaffe meg filmen og få sett den ferdig sjølv. Frå starten av var filmen hyggeleg morosam, og latteren var lett på lokket. Når eg skulle sjå dei siste minuttane på eiga hand blei det automatisk lengre mellom latteren. Eller, for å vere ærleg så gjorde eg ikkje anna enn å trekke på smilebåndet her og der.

Men filmen er god den, og absolutt ein film ein bør ha sett i filmhistorisk samanheng. Den som ikkje kjenner Charles Chaplin sitt arbeid har gått glipp av noko. Eg har lenge gått glipp av denne, men har til mitt forsvar sett «The Kid».

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
31-aug-2006

Mutiny on the Bounty (1935)

Mutiny on the BountyUser Rating: 7.9/10 (3,416 votes)

«Mytteriet på Bounty» sendte meg i første omgang på ei samanlikningsferd til Potemkinland, men eg oppdaga etter kvart at dette var ein mykje meir omfattande film.

For det første er det lyd, for det andre varer den 1 time lengre, og for det tredje er større variasjon i kulissane. Men begge filmane fortel noko som faktisk har hendt, og dei gjer det begge på ein god måte.

Eg fekk ikkje med meg opningen på filmen, noko som irriterar meg litt, men kom heldigvis rimeleg fort inn i kven som var kva. Og ikkje langt ut i filmen hadde alle fått sin plass i filmen. Kapteinen som den grusomme, egoistiske myndigheiten. Dei pysete offiserane som ikkje torte å gjere anna enn å avlyde pent, og mannskapet som blei behandla som ville dyr.

Det ligg i lufta heilt i frå starten av at det kjem til å skje noko, noko som ein fint hadde fått med seg om ein verken visste namnet på filmen eller noko historie til den. Men det tek litt for lang tid før det skjer. Filmen hastar ikkje avgarde i dei andre delane av filmen heller, utan at eg skal klage på det. Men slutten kom likssom aldri. Eg gjorde meg klar til å slå av og det var igjen 15 minutt…

Likevel likte eg filmen, og klarte å fortrenge eit par *gjesp* og kjenne spenninga dirre på båten, føle hatet mot Bligh, engasjere meg i rettsaka og nyte dei kvite strendene på Tahiti.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
29-aug-2006

Wild at Heart (1990)

Wild at HeartUser Rating: 7.0/10 (12,891 votes)

Det første plusset vil eg gi til musikken, ei god blanding med filmmusikk av Angelo Badalamenti og populærmusikk. Badalamenti var ein komponist eg verkeleg fekk opp augene for gjennom «The Straight Story», også ein David Lynch film, og som eg har lagt merke til når namnet har dukka opp i ettertid. Slik kom eg til å legge ekstra godt merke til musikken hans her, og det skuffar ikkje, det gav ei verkeleg bra stemning. Nicolas Cage’ framfører eit par Elvis Presley låtar som også gir eit sterkt inntrykk, og elles er det ein del Chris Isaak inni bilde.

Nicolas Cage tek meg over på det andre plusset, dvs. han er det andre plusset, eller ein stor del av det iallfall. Eg har kanskje ikkje sett så mange filmar med han i, mest «Gone in Sixty Seconds», «National Treasure» og «Adaptation» som eg kjem på. Men her i denne filmen er utvilsomt den beste rollen eg har sett han i, det er gjennomført stil. Jakke i slangeskinn, råkule kommentarar og feite solbriller. Også skal eg heller ikkje hoppe over alle dei andre som er med på å gjere filmen til det den er, Willem Dafoe som kriminell med eit sjukt smil. Harry Dean Stanton som litt soft etterforskar, som i ei scene møter den grusomme Durango (Grace Zabriskie), ei fantastisk artig scene å sjå etter å ha sett dei to spele mot kvarandre i «Big Love» tidlegare i år.

Det er fleire pluss, men for ikkje å gjere det til ein opplistingspost, så går eg rett over på David Lynch. Wild at Heart har som fleire andre Lynch-filmar eit snev av det overnaturlege. Heldigvis, for flyten i filmen, er det ikkje så altfor mykje av dette, og det går fint an å få med seg historien. Små deler stussa eg likevel på kva betydde, utan at eg tenkte på det som anna enn ei spiseskei Lynchkrydder i filmen. Det kan ikkje samanliknast med verken «Lost Highway», «Blue Velvet» eller «Mulholland Drive». Kanskje dette er grunnen til at filmen har klart å opparbeide seg kultstatus, ettersom den går an å få med seg ei enkel handling her.

Eg tenkte ut nokon fleire ting undervegs medan eg såg filmen, men den var så lang og god og full av mykje handling at eg mista litt grepet på ting etter kvart. Eg mista ikkje grepet på filmen derimot, den var grei å følge heilt ut. Det var heller så mykje å legge merke til som gjorde at den eine artige episoden tok over for den andre interessante episoden. Osv. Ein god filmoppleving, gjennomført!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
29-aug-2006

European Vacation (1985)

European VacationUser Rating: 5.5/10 (7,985 votes)

Eg hadde håpt at ved å gå tilbake 20 år og sjå ein av dei tidlegare National Lampoon filmane, så ville eg få litt meir kvalitet. Slik gjekk det ikkje. «European Vacation» er av dei meir kjedelege i ’serien’ eg har sett. Naturlegvis burde eg ha starta med «Vacation», men det er eingong slik at ein ser det ein har.

For dei som er kjent med «Vacation», og kanskje også «Christmas Vacation», som begge har fått betydeleg betre rating på IMDb, så handlar også «European Vacation» om familien Griswold på tur. Denne gongen har dei vunne ei reise til London, Paris, ein plass i Tyskland og Roma. I to veker skal dei farte rundt blant ny kultur og ukjente språk.

Humoren er litt i same retning som nyare National Lampoon, med rot og tull, krydra med topplause damer og litt fyll. Men det er tross alt ein familie på tur, så det blir ikkje så villt som i «Van Wilder» eller «Dorm Daze 2», og difor litt kjedeleg. I desse filmane er det mest den rå humoren som trekk opp. «European Vacation» legg seg litt for nært familiefilmsjangeren. Når den kom i 1985 vart den rate PG-13, men ville med sin nakenheit og bannskap blitt Rated R per i dag.

Noko her er sjølvsagt litt artig, som å sjå Mel Smith (frå «Rocking Around …» musikkvideoen) spele feit og lat moteltilsett. Høyre ein fransk kelner snakke dritt om familien Griswold, og nokre få andre småting. Det meste blir for enkelt og banalt, og Chevy Chase er ikkje spesielt morsom her, heller slitsom. Eg må få sett «Vacation» eller «Christmas Vacation», i håp om at dei vil vege opp for denne.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
28-aug-2006

White Heat (1949)

White HeatUser Rating: 8.1/10 (4,303 votes)

Film-noir gangster style. Ein ‘ny’ variant for min del, men fortsatt ein god film. Med James Cagney som gjengsjef Cody Jarrett og Edmond O’Brien som undercover purk.

Gjengen til Jarrett ranar eit tog, og for å sleppe unna straff om noko skulle skjere seg har Cody gått inn for å la seg fengsle i ein annan stat for ei anna mindre kriminell handling. Politimannen Fallon (O’Brien) let seg fengsle i same fengselet for å komme nær Cody, og bli ein venn av han.

Det som gjer denne filmen til ein film noir er (direkte oversatt frå Wikipedia) skyggefull svart/kvitt kinematografi, femme fatale (i form av Codys kone, Verna (Virginia Mayo) og den skrudde psyken til Cody. Dei to første punka var dei einaste eg la merke at kunne vere kjenneteikn for sjangeren, det tredje var rimeleg ukjent for meg som definisjon.

Uansett sjanger, White Heat er ein god spenningsfilm og gir god underholdingsverdi. Mitt første møte med James Cagney gav meirsmak, ein interessant skodespelar som gjer seg godt som halvskrudd gangster. Fallon spelar litt annleis politi enn eg er van med frå film noir, og har verken sigaretten i munnen eller sansen for Mrs. Jarrett, ei fin avkopling.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
27-aug-2006

Dorm Daze 2 (2006)

Dorm Daze 2User Rating: 2.6/10 (780 votes)

I løpet av dei nesten 30 åra «National Lampoon» har vore i filmbransjen har det komme 31 filmar av denne opprinnelege magasin-franchisen. Korleis oppfølgaren til «National Lampoon Presents Dorm Daze» frå 2003 har klart å få støtte for å bli laga er for meg eit mysterium, men det lokka iallfall meg til filmen.

Så, er denne rett-på-video filmen eit meisterverk uten like, eller er den nok eit sammensurium av døv amerikansk ungdomsshumor med pene topplause damer, røyking av marijuana, forviklingar og B-skodespelarar? Svaret seier seg sjølv, men på spørsmålet om det er morosamt stiller eg meg litt meir positivt. Døv humor kan innimellom vere det som skal til, og eg har aldri hatt problemet med å fullføre ein «National Lampoon» film, «Dorm Daze 2» er heller ingen unntak. Likevel om settingen er så far-off som ein kan få det.

Historien går for seg på eit cruiseskip, der 2. klassen på eit college er for å framføre eit skodespel, og er soleis ei fortsetting på «National Lampoon Presents Dorm Daze». Så er det drikking, nakne mennesker, forsøk på å ha sex, ein stolen diamant og drap involvert. Det heile er gjennomsnittleg morosamt fram til det er ein halvtime igjen, då tok det seg opp nokon hakk og vart akkurat sprøtt nok til at eg koste meg godt.

Kobbelet med skodespelarar er ikkje spesielt imponerande, men inneheld eit par kjente namn i National Lampoon samanheng. Dei fleste spelte rett nok i første filmen, bl.a. Chris Owen (Sherminator i «American Pie»), men eit par nye namn dukka og opp, deriblant modellen Vida Guerra og Justin Whalin som ikkje har gjort stort etter sin rolle i «Lois & Clark». Sånn at det er sagt. Eg legg ikkje så mykje bry på å vurdere dette i ein slik film.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
24-aug-2006

Snakes on a Train (2006)

Snakes on a TrainUser Rating: 3.0/10 (109 votes)

Mens me ventar på «Snakes on a Plane» kan det vere greitt å starte litt i det små og på bakkenivå. Konseptet er så enkelt som tittelen, og historien så rar at eg ikkje orkar å gjengi den. Men eg kan sei først som sist at 3.0/10 er i minste laget, den kunne kanskje fått 4.0. Eg seier kanskje. For filmen er jo utruleg dårleg, men likevel så morosamt. Eg storkoste meg i enkelte scener. Og kjeda meg i andre. Midtpartiet av filmen, pluss starten, og det innimellom overalt opp mot slutten er treigt og eit langt gjesp. Men det er krydra med fleire latterelege småting innimellom som gjer at ein plutseleg opnar augene igjen. Og slutten! Ja, eg kan henge meg på bølga som seier at slutten er god nok til at filmen blir verdt å sjå. Eg skal ikkje røpe meir. Eg skal heller ikkje sei meir, for det meste var jo ganske labert.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
ness
24-aug-2006

The Evil Dead (1981)

Evil DeadUser Rating: 7.4/10 (19,579 votes)

Sidan Army of Darkness var så underholdande som den var, så fann eg det like greitt å sjå korleis Evil Dead serien starta, og gav meg i gang med den første filmen.

Ash, dama og tre andre venner har fått tak i ei hytte på ein tilsynelatande øde plass. Dei reiser ut dit for å sjekke standen på ho, for å drikke og ha det gøy. Men det viser seg at hytta og skogen omkring er heimsøkt av menneskekjøttetande demonar. Skumle greier! I forhold til Army of Darkness så brukar denne faktisk litt tid på å komme i gang, og har ein oppbygging som er enklare å følge. Det er litt småknirking, hamring med dører og skumle lydar før det etter kvart bygger seg opp til å bli skikkeleg blodig. Faktisk noko av det blodigaste eg har sett på ei god stund! Eg fann meg sjølv i å sitte å sei usj og skjere grimasar av det, bra!

Bruce Campbell er ikkje blitt den hardbarka helten han var i Army of Darkness, men er ganske normal i starten. Dei fæle episodane ser likevel ut til å prege han etter kvart, og det blir godt festleg å sjå han spele utover, spesielt mot Richard DeManincor - ser glimtet i auga på dei innimellom.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10