The Three Burials of Melquiades Estrada (2005)
User Rating: 7.7/10 (4,553 votes)
Ein god film på eit høgt nivå, men av den typen eg finn det vanskeleg å skrive så mykje om. Den får fram følelsar som hat og sinne, medlidenheit og ein heil del andre. Folka er av den typen ein ikkje stiller seg spørsmål om dei er bra eller dårleg tolka, fordi det enkelt nok er ganske godt. Barry Pepper har eit ansikt som osar av drittsekk, og Tommy Lee Jones gjer det overbevisande som ein autoritær person. Sjølvsagt er dei meir enn som så, for i ein film på dette nivået så held det ikkje med stereotypar.
i The Three Burials of Melquiades Estrada skjer det veldig mykje, og filmen har ei god utvikling. Både i tankane mine og på lerretet (les: PC-skjermen) var ein ved slutten milevis frå der ein befann seg i starten. Det var ikkje nokon sjanse til å bli lei av plassen eller handlinga her, og likevel blei det ikkje ei overfladisk surfing i hurtig tempo heller.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
