Brick (2005)
User Rating: 8.0/10 (4,699 votes)
Eg hugsa å ha sett filmtraileren tidlegare i år og tenkt at dette måtte eg sjå. Når den så kom ut så hugsa eg ikkje igjen kvifor, og tenkte det var like greitt å utsette det heile litt. Men så, i går, så blei eg via Filmantrop forumet igjen påminna om denne filmen.
Zann skriv ganske kort og greitt om filmen, sjølv om eg må sei eg aldri har høyrt begrepet «teen noir» før. Når det viser seg at same nemninga blir brukt om «Veronica Mars», så demrar det. Og ein samanlikning med «Donnie Darko» er ikkje heilt på trynet heller, eg kjenner igjen ein del av stemninga, likevel om dette er meir innvikla enn mystery.
Dialogane er litt for mykje for desse enkle folka, men ein viktig del av filmen, og tross at det er brukt eit par store ord for mykje - så må eg sei det var noko av det som trakk meg inn i filmen. Likevel om ikkje alle var like kvalifiserte til å formidle dei heile vegen.
Eg følger kanskje hypen når eg skryt av filmen, men eg kan ikkje nekte for at eg likar den. Og vil difor sjå den igjen, i tillegg til å anbefale andre å sjå den. Likte du stemninga i «Donnie Darko» kan det godt vere du vil like denne filmen, men ikkje forvent deg det same. Dette er ingen tidshoppings kaninfilm.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Link til artikkelen om “teen noir” - http://film.guardian.co.uk/features/featurepages/0,,1739601,00.html
Veldig interessant artikkel. Er stor fan av Veronica Mars, og kjenner til det med å måtte konsentrere seg ekstra for å få med seg alt. Det er jo ikkje alltid så nødvendig i andre seriar for det yngre publikum.
Smallville, The O.C., Dawson’s Creek, alle går rimeleg greitt an å følge med på, for så å misse konsentrasjonen eit augeblikk, og likevel få med seg kva som skjer/har skjedd.
Gleder meg fryktelig til å se denne. Bortimot den mest etterlengtede filmen for meg resten av året, noe som betyr at jeg sikkert blir skuffet.