Filmdagbok
ness
14-aug-2006

Slither (2006)

User Rating: 6.8/10 (3,508 votes)

SlitherEg burde gjere noko meir konstruktivt enn å sette meg ned og sjå to filmar på ein måndags ettermiddag/kveld, men det har seg slik at det småregna ute, for første gong på ei stund, og slikt må feirast. «Slither» er komedie, sci-fi, Nathan Fillion og horror. Berre dei tre første hadde vore nok til å få meg til å ta eit nærmare blikk. Årsak: «Firefly».

Dette er ein herleg, uhøgtidleg alienhorrorsplatter utan like, full av gullkorn heile vegen. Enkelt kanskje, men likevel så morosamt! Akkurat passe lang til at det heile tiden er underhaldande, og ein historie så enkel som den gjennomsnittlege B-film. Er du generelt fan av alienhorror bør dette vere ein prioritert film, men også viss du er fan av Nathan Fillion som moromann på nivå med det han er i Firefly. Ein ting som er sikkert, dette er grotesk!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
gbang har sagt:

Denne her tror jeg er ganske gøy! Leste nettopp dette: http://bruce-campbell.blogspot.com/2006/08/next-bruce-campbell.html

ness har sagt:

Er forsåvidt enig i det som står i det innlegget, eg ser heller at Nathan Fillion spelar hovudrollar i filmar som denne enn 10 minuttars bi-rollar i filmar som Saving Private Ryan. Eg hadde mykje større glede av denne enn det krigsdramaet!

Filmtraileren til Slither virka på meg som ein typisk filmtraileren, men når eg såg den etter å ha sett filmen, så forstod eg faktisk at det er slik filmen er.