Army of Darkness (1992)
User Rating: 7.5/10 (28,446 votes)
Også kjent som «Evil Dead 3», regissert av Sam Raimi, og med Bruce Campbell som helt og hovudrolleinnehavar.
Med alt snakket om Bruce Campbell i det siste, der alt betyr at eg har sett han nemnt i 2-3 samanhengar i løpet av siste veka, gav meg lyst til å sjå ein ekte Bruce Campbell film. Som rimeleg fersk på område fann eg ut av ein «Evil Dead» film ville vere ein god plass å starte. Tidlegare har eg berre sett «Bubba Ho-tep» med Campbell i førarsetet, elles har han også dukka opp i ein del episodar av «Lois & Clark».
«Army of Darkness» er ein kjempefilm frå ende til annan, eg hadde aldri trudd det skulle vere så festleg å sjå ein mann med motorsag slakte ned skjelett, få alle dei ‘pene’ damene og slenge frå seg den eine cheezy kommentaren etter det andre. Men dette gav absolutt meirsmak til å sjå filmar av Sam Raimi eller med Bruce Campbell. Sistnemnte er min nye helt!
Det er mykje eg kunne nemnt som er artig, men det gjer seg best i sammenhengen ved å så filmen. Referansar til «The Day the Earth Stood Still» og «Gulliver’s Travels» blir brukt på beste måte.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Aaaah, Bruce Campbell-forgudelse. Alltid deilig med nye i flokken!
Men, “eg hadde aldri trudd det skulle vere så festleg å sjå ein mann med motorsag slakte ned skjelett, få alle dei ‘pene’ damene og slenge frå seg den eine cheezy kommentaren etter det andre” forundrer meg litt - det er da klart dette borger for festlighet! :D
Jo, ser i ettertid at den uttalelsen ikkje hang heilt sammen. Men slik er det når ein ikkje har sett så mykje av den type film, ein kan ha levd med fordommar utan å visst kva ein har gått glipp av.
I kveld blir det mest sannsynleg Evil Dead (1). =)