Filmdagbok
ness
29-aug-2006

European Vacation (1985)

European VacationUser Rating: 5.5/10 (7,985 votes)

Eg hadde håpt at ved å gå tilbake 20 år og sjå ein av dei tidlegare National Lampoon filmane, så ville eg få litt meir kvalitet. Slik gjekk det ikkje. «European Vacation» er av dei meir kjedelege i ’serien’ eg har sett. Naturlegvis burde eg ha starta med «Vacation», men det er eingong slik at ein ser det ein har.

For dei som er kjent med «Vacation», og kanskje også «Christmas Vacation», som begge har fått betydeleg betre rating på IMDb, så handlar også «European Vacation» om familien Griswold på tur. Denne gongen har dei vunne ei reise til London, Paris, ein plass i Tyskland og Roma. I to veker skal dei farte rundt blant ny kultur og ukjente språk.

Humoren er litt i same retning som nyare National Lampoon, med rot og tull, krydra med topplause damer og litt fyll. Men det er tross alt ein familie på tur, så det blir ikkje så villt som i «Van Wilder» eller «Dorm Daze 2», og difor litt kjedeleg. I desse filmane er det mest den rå humoren som trekk opp. «European Vacation» legg seg litt for nært familiefilmsjangeren. Når den kom i 1985 vart den rate PG-13, men ville med sin nakenheit og bannskap blitt Rated R per i dag.

Noko her er sjølvsagt litt artig, som å sjå Mel Smith (frå «Rocking Around …» musikkvideoen) spele feit og lat moteltilsett. Høyre ein fransk kelner snakke dritt om familien Griswold, og nokre få andre småting. Det meste blir for enkelt og banalt, og Chevy Chase er ikkje spesielt morsom her, heller slitsom. Eg må få sett «Vacation» eller «Christmas Vacation», i håp om at dei vil vege opp for denne.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10