Filmdagbok
ness
29-aug-2006

Wild at Heart (1990)

Wild at HeartUser Rating: 7.0/10 (12,891 votes)

Det første plusset vil eg gi til musikken, ei god blanding med filmmusikk av Angelo Badalamenti og populærmusikk. Badalamenti var ein komponist eg verkeleg fekk opp augene for gjennom «The Straight Story», også ein David Lynch film, og som eg har lagt merke til når namnet har dukka opp i ettertid. Slik kom eg til å legge ekstra godt merke til musikken hans her, og det skuffar ikkje, det gav ei verkeleg bra stemning. Nicolas Cage’ framfører eit par Elvis Presley låtar som også gir eit sterkt inntrykk, og elles er det ein del Chris Isaak inni bilde.

Nicolas Cage tek meg over på det andre plusset, dvs. han er det andre plusset, eller ein stor del av det iallfall. Eg har kanskje ikkje sett så mange filmar med han i, mest «Gone in Sixty Seconds», «National Treasure» og «Adaptation» som eg kjem på. Men her i denne filmen er utvilsomt den beste rollen eg har sett han i, det er gjennomført stil. Jakke i slangeskinn, råkule kommentarar og feite solbriller. Også skal eg heller ikkje hoppe over alle dei andre som er med på å gjere filmen til det den er, Willem Dafoe som kriminell med eit sjukt smil. Harry Dean Stanton som litt soft etterforskar, som i ei scene møter den grusomme Durango (Grace Zabriskie), ei fantastisk artig scene å sjå etter å ha sett dei to spele mot kvarandre i «Big Love» tidlegare i år.

Det er fleire pluss, men for ikkje å gjere det til ein opplistingspost, så går eg rett over på David Lynch. Wild at Heart har som fleire andre Lynch-filmar eit snev av det overnaturlege. Heldigvis, for flyten i filmen, er det ikkje så altfor mykje av dette, og det går fint an å få med seg historien. Små deler stussa eg likevel på kva betydde, utan at eg tenkte på det som anna enn ei spiseskei Lynchkrydder i filmen. Det kan ikkje samanliknast med verken «Lost Highway», «Blue Velvet» eller «Mulholland Drive». Kanskje dette er grunnen til at filmen har klart å opparbeide seg kultstatus, ettersom den går an å få med seg ei enkel handling her.

Eg tenkte ut nokon fleire ting undervegs medan eg såg filmen, men den var så lang og god og full av mykje handling at eg mista litt grepet på ting etter kvart. Eg mista ikkje grepet på filmen derimot, den var grei å følge heilt ut. Det var heller så mykje å legge merke til som gjorde at den eine artige episoden tok over for den andre interessante episoden. Osv. Ein god filmoppleving, gjennomført!

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

 
gbang har sagt:

Hvorfor liker “alle” denne filmen? Jeg tror jeg synes den er den minst interessante Lynch-filmen. Kanskje det er fordi jeg ikke er spesielt glad i Cage? Jeg vet i hvert fall at jeg sliter noe voldsomt med hovedpersonene her, og spesielt måten de snakker på; med patos, skrik og vræl. Nei, jeg vet ikke. Denne er ikke for meg.

ness har sagt:

Hjå meg skal det litt til for at Dune ikkje blir den minst interessant Lynch-filmen eg har sett. Den er faktisk ganske så kjedeleg.

TMwtP har sagt:

Den er uten tvil den minst interessante *Lynchfilmen* ja. Men det i seg selv trenger jo ikke å være vurderingskriteriet alene. Cage er strålende, jeg ser også en god del elementer her (syns jeg selv) Coenbrødrene MÅ ha blitt inspirert av, for ikke å si omvendt, siden Cage spilte i Raising Arizona tre år før denne. Og Diane Ladd gjør en kjempeprestasjon.

Du må vere innlogga for å kommentere.