Filmdagbok
ness
31-aug-2006

Mutiny on the Bounty (1935)

Mutiny on the BountyUser Rating: 7.9/10 (3,416 votes)

«Mytteriet på Bounty» sendte meg i første omgang på ei samanlikningsferd til Potemkinland, men eg oppdaga etter kvart at dette var ein mykje meir omfattande film.

For det første er det lyd, for det andre varer den 1 time lengre, og for det tredje er større variasjon i kulissane. Men begge filmane fortel noko som faktisk har hendt, og dei gjer det begge på ein god måte.

Eg fekk ikkje med meg opningen på filmen, noko som irriterar meg litt, men kom heldigvis rimeleg fort inn i kven som var kva. Og ikkje langt ut i filmen hadde alle fått sin plass i filmen. Kapteinen som den grusomme, egoistiske myndigheiten. Dei pysete offiserane som ikkje torte å gjere anna enn å avlyde pent, og mannskapet som blei behandla som ville dyr.

Det ligg i lufta heilt i frå starten av at det kjem til å skje noko, noko som ein fint hadde fått med seg om ein verken visste namnet på filmen eller noko historie til den. Men det tek litt for lang tid før det skjer. Filmen hastar ikkje avgarde i dei andre delane av filmen heller, utan at eg skal klage på det. Men slutten kom likssom aldri. Eg gjorde meg klar til å slå av og det var igjen 15 minutt…

Likevel likte eg filmen, og klarte å fortrenge eit par *gjesp* og kjenne spenninga dirre på båten, føle hatet mot Bligh, engasjere meg i rettsaka og nyte dei kvite strendene på Tahiti.

Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10