Stay Alive (2006)
User Rating: 3.6/10 (2,677 votes)
Jon Foster («Life As We Know It»), Samaire Armstrong («The O.C.») og Frankie Muniz («Malcolm in the Middle») er kjerna i denne rimeleg anonyme filmen.
Historia er basert på eit spel, «Stay Alive», som handlar om nettopp det å halde seg i live. For dør ein i spelet, så dør ein i realiteten og. Det er snakk om skumle saker her! Ja, filmen er faktisk litt skummel, det var ikkje eit dårleg forsøk på å vere sarkastisk. Men den klarar ikkje gjennomføre det godt nok, det blir greie oppbyggingar som resulterar i dårlege og tamme drap. Det hjelp ikkje filmen at den er full i lause trådar og ulogiske koplingar. No er ikkje det med logikk noko ein bør legge vekt på i ein slik film uansett, men her klarte eg ikkje unngå å fnyse av enkelte detaljar.
Filmen har fått ei rimeleg svak rating på IMDb, synd for dei som har laga den i grunn, for spesialeffektane må ha kosta litt. Dei er på langt nær så gode som i «Silent Hill», men så er jo dette ein film om eit dataspel, ikkje basert på eit dataspel. Uansett kan ikkje dei som har produsert filmen ha håpt på anna publikum enn amerikansk TV-ungdom. For i tillegg til dei eg nemnte innledningsvis har også Sophia Bush («One Tree Hill») ei rolle her, viss det skulle interessere nokon. Med «The O.C.», «Life As We Know It» og «One Tree Hill» skodespelarar har dei i grunn satt ein standard.
Trass alt det dårlege i filmen, var den som nemnt litt småskummel, og eg føler ikkje at eg har sett ein fullstendig flopp. Den er heller ikkje morsomt dårleg, men hamnar midt på treet. Altså, her er det snakk om Bonsai.
Vurdering: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10

Du må vere innlogga for å kommentere.