American Gun (2005)

IMDb: 5.9/10 (126 votes)

American GunDet blir vanskeleg å samanlikne denne med andre filmar eg har sett dei siste vekene, eg har sett mykje godt, men denne gjorde ekstra inntrykk, så i ei heilheit er det noko av det betre eg har sett i det siste.

«American Gun» er samansett av fleire smÃ¥historiar som foregÃ¥r parallellt, iallfall reknar eg med det ettersom ingenting anna er forklart. Det er tre Ã¥r sidan ei skuleskyting i Virginia, og samfunnet er omrÃ¥de er framleis svært prega av hendinga. Me følger ein politimann involvert og familien (mora og broren) til den eine skuldige. Samtidig ein annan plass følger me rektoren pÃ¥ ein ‘svart’ skule, dvs. pÃ¥ ein skule der det stort sett er svarte elevar, samt ein av elevane der. Som ein tredje historie følger me ein bestefar som driv ein vÃ¥penbutikk, og barnebarnet hans.

Med desse historiane blir det vinkla mot våpen på vidt forskjellige måtar, og bruken av dei. Det er to sider som går igjen, og det er dei som brukar våpen som verne og dei som brukar det på den ekstreme måten. Slik sett blir det ikkje nødvendigvis eit utelukkande negativ på våpenkulturen. Dog det kan seiast at eit samfunn utan tilgong til våpen som det er i USA nok ville ha letta livet til mang ein person.

Sjølv tykkte eg filmen var svært så gripande, og følte meg skikkeleg engasjert i enkelte scener. På ein måte fortset den der «Elephant» enda, tre år etter, men det er viktig å nemne at dette ikkje er ein Gus Van Sant film. I tilegg blir det også retta eit blikk mot våpenkvardagen i dei meir kriminelle (og gjerne svarte) områda. Det blir på ingen måte prøvd å vinkla som ein dokumentar, men er eit reint drama. Eit drama som verkeleg fangar merksemda, og heller ikkje gjer skam på skodespelarfronten. Marcia Gay Harden gjer ei god rolle som ei overarbeida mor med svært mykje å passe på. Donald Sutherland har ei heller mindre og roleg rolle, men passar godt som eigar av våpenbutikk og bestefar. For ikkje å gløyme Forest Whitaker som rektor på ein svært krevande skule. Eg har heller ingenting å utsette på mindre kjente ansikt, dei fyller rollane sine godt nok.

Som skikkeleg stemningsskapar opplevde eg dette som både godt drama og ein liten tankevekkar i kvardagen.

7/10

Laura (1944)

IMDb: 8.0/10 (6,538 votes)

LauraMitt forrige møte med film noir var over sju månader sidan, og gongen før der var det «Chinatown» i mars 2004 som eg kjem på å ha sett. Samanlikningsgrunnlaget er difor rimeleg dårleg.

Filmen opnar med at det har skjedd eit brutalt drap i leiligheita til Laura Hunt, ei celebritet innan reklamebransjen. Laura har blitt skoten med eit haglegevær i ansiktet, og etter kvart kjem politietterforskar Mark McPherson inn i saka for å finne mordaren. Historien bak Laura si berømtheit i dei penare kretsane ligg i kjennskapet og vennskapet med spaltisten Waldo Lydecker, ein middelaldrande og småsær mann. Historia om korleis dei blei kjente blir fortalt over lunsj mellom McPherson og Lydecker, og trengs ikkje å bli gått nærmare inn på her. I tillegg dukkar Shelby Carpenter opp, som Lydecker nyleg har fått vite at skal gifte seg med Laura, ei heller kjedeleg oppdaging for hans del.

Det begynnar å bli eit par namn inne i bilde, og eit par ekstra kjem i tilegg. Det blir servert fleire bitar av historiar og sladder i form av flashbacks (med voiceover) og samtalar som gjer at ein kan mistenke fleire for drapet, og trekk ein nokre linjer her og der kan ein nok leike etterforskar sjølv. Vel du dermed å følge ukonsentrert med på filmen, noko eg reknar med den vesle omgangskretsen på filmdagboka ikkje gjer, så blir dette berre slitsomt. Slitsomt tykkjer ikkje eg det er, heller spennande og interessant. Det kribla faktisk litt i magen til tider, stemninga og lyssettinga er til å ta på.

Eg søkte etter film noir, fann «Laura», og såg den. Skal eg trekke ned på ein ting så er det dei stive og kunstige rollepersonane, men det går igjen i dei fleste eldre filmar som eg har sett. Det skal vere med i historien at det på den tiden var eit mykje sterkare skilje mellom front stage og back stage, korleis ein oppførte seg ute blant folk og heime åleine. Og her i filmen er det dessutan viktig for rollepersonane å vere høflege og å halde maska. Så i bunn og grunn klagar eg ikkje på denne oppførsla, ei heller på dei litt kunstige samtalesituasjonane som oppstår, eg tek det som ein naturleg del ved filmen. Eg la heller ikkje spesielt merke til det undervegs, så det var ingenting som plaga meg.

7/10

The Sentinel (2006)

IMDb: 6.1/10 (2,634 votes)

The Sentinel«Sledge Hammer» som president, Michael Douglas og Kiefer Sutherland som Secret Service, og Kim Basinger som first lady, det er duka for eit Washington D.C. drama i beste 1990-talsånd.

Plotet er ikkje så oppfinnsomt: Secret Service finn ut at nokon har planar om å drepe presidenten, og at det er ein moldvarp i organisasjonen. Pete Garrison (Douglas) blir skulda for å vere det svarte fåret, og må rømme sin veg, samt etterforske på eiga hand for å løyse saken. Det er duka for skrensande bilar på grusen og mykje blålys, mange telefonsamtalar og Eva Longoria som uerfaren Secret Service agent.

Etter å ha lese eit kort handlingsreferat var eg tvilsom til kva nytt denne filmen kunne gi meg, men sidan denne type film som regel betyr ei akseptabel spenningskurve satte eg meg ned med vafler og syltetøy. Vaflene var gode, og så var faktisk filmen. For den med trent syn for detaljar går det an å skilje ut tidleg nok kven moldvarpen er, og sjølv hadde eg eit par kandidatar eg fulgde nøye.

Alt i alt, med låge forventingar og ein overraskande spennande film må eg sei at eg likte denne rimeleg godt. Det er ikkje favorittsjangeren min, noko som tilseier at eg ikkje ser filmar lik denne så ofte, og heller ikkje er overmetta på det. For ein anti-alt-angåande-amerika vil dette kanskje vere litt for typisk i tillegg, men eg skyv alle politiske følelsar til sides når eg har lyst på pur action, så slikt var ikkje noko problem her.

Deler av handlinga kan likevel vere hakket for mykje, som blant anna forholdet Pete Garrison har med first lady Sarah. Yeah, right! Sammenlikningar med bl.a. «In The Line Of Fire», og ved user rating å dømme, så finst det betre alternativ enn «The Sentinel». Men som sagt er ikkje dette mitt spesialfelt.

6/10

Raging Bull (1980)

IMDb: 8.4/10 (36,790 votes)

Raging BullHadde dette vore rein fiksjonsfilm så ville eg nok klaga litt over slutten. Det er ikkje kjekt å sjå på ein mann som sakte, men sikkert, bryt seg sjølv ned og øydelegg livet sitt. Men no er dette basert på den ekte boksestjerna Jake LaMotta, til kva grad veit eg ikkje, men det gjer at eg aksepterar utviklinga.

Robert DeNiro er i samarbeid med Martin Scorsese ein fryd å sjå, og eg har eit lite mål om å få sett alle filmane dei to har spelt inn i lag. Kanskje ikkje overraskande er Joe Pesci med, ein liten gnom, om eg må få kalle han det, som eg aldri har tykkt særleg om. Kvifor? Fordi eg har blitt introdusert for han via rollar der han har spelt ein galen, irriterande og gjerne farleg jækel. Kanskje ikkje det beste måten å vurdere folk på, men det har ingen ting å sei no, i denne filmen er han der oppe blant store gutta.

Marty har gjort filmen i svart-kvitt, med unntak av ein liten del av filmen der det blir vist ein farga bildesekvens som kom erstating for nokre Ã¥r som blir hoppa over. Det svart-kvite bilde gjer blodet i boksescenene tilnærma svart og alt virka sÃ¥ mykje mørkare enn det er. Eg er i grunn glad det er i svart-kvitt, for etter den fargerike sekvensen med lykkelege Ã¥r for familien LaMotta, blir det sÃ¥ mykje meir alvor nÃ¥r filmen igjen hoppar over til vanleg ‘farge’.

Av det eg kan hugse av andre Scorsesefilmar eg har sett, er denne rimeleg lik på utvikling av historien, det er ingen glansbilde, men ein liten tur opp før det ber i veg i nedoverbakke. Eit skikkeleg pangstart på nytt semester, som viser at eg er klart til kamp, men at eg etter kvart sikkert blir litt smålei av å lese. Raging Bull er ein god film å starte opp igjen med.

7/10

Army of Darkness (1992)

IMDb: 7.5/10 (28,446 votes)

Army of DarknessOgså kjent som «Evil Dead 3», regissert av Sam Raimi, og med Bruce Campbell som helt og hovudrolleinnehavar.

Med alt snakket om Bruce Campbell i det siste, der alt betyr at eg har sett han nemnt i 2-3 samanhengar i løpet av siste veka, gav meg lyst til å sjå ein ekte Bruce Campbell film. Som rimeleg fersk på område fann eg ut av ein «Evil Dead» film ville vere ein god plass å starte. Tidlegare har eg berre sett «Bubba Ho-tep» med Campbell i førarsetet, elles har han også dukka opp i ein del episodar av «Lois & Clark».

«Army of Darkness» er ein kjempefilm frÃ¥ ende til annan, eg hadde aldri trudd det skulle vere sÃ¥ festleg Ã¥ sjÃ¥ ein mann med motorsag slakte ned skjelett, fÃ¥ alle dei ‘pene’ damene og slenge frÃ¥ seg den eine cheezy kommentaren etter det andre. Men dette gav absolutt meirsmak til Ã¥ sjÃ¥ filmar av Sam Raimi eller med Bruce Campbell. Sistnemnte er min nye helt!

Det er mykje eg kunne nemnt som er artig, men det gjer seg best i samanhengen ved Ã¥ sÃ¥ filmen. Referansar til «The Day the Earth Stood Still» og «Gulliver’s Travels» blir brukt pÃ¥ beste mÃ¥te.

8/10

Pieces of April (2003)

IMDb: 7.3/10 (6,769 votes)

Pieces of AprilThanksgiving.

April (Katie Holmes) skal lage middag til familien, som ho elles aldri har kontakt med, for å glede mora (Patricia Clarkson) som har kreft og ikkje har lenge igjen å leve. Det er handlinga i filmen, kort og greitt.

Eg tenkte å lage ei liste over pluss og minus ved filmen, men fann i grunn ingen ting som trakk så mykje opp eller ned. Katie Holmes er langt i frå den beste skodespelarinna, men klarar seg greitt nok til denne filmen, dessutan er ho faktisk litt søt, tykkjer eg. Oliver Platt er tvers over ein god skodespelar, men får aldri heilt vist kva han kan her. Patricia Clarkson er frustrerande, deprimerande og irriterande, og eg tykkjer synd i ho, m.a.o. oppnår ho det ho skal som mora til April.

Naboane til April er viktige i filmen, og spesielt latteren til den mørkhuda Evette fekk meg i kjempegodt humør. Elles har du ein kinesisk familie utan engelske sprÃ¥kkunnskapar, ei übervegetardame og ein femi Ikeafrelst mann (klokka pÃ¥ veggen der fekk meg til Ã¥ trekke Ikea-slutningar).

Eg likte filmen, den har ein del scener som får ein til å trekke på smilebandet, og den klarar å vere trist når den prøver på det. Det heile føles jordnært, og bruken av DV gir den ekstra kjensla av dette. Men så er også Pieces of April ein typisk lågbudsjetts indiefilm. Ferdigheitane til Holmes trekk diverre ned, så filmen når aldri opp til andre likesinna indiefilmar, som «The Station Agent», men no skal det litt til og. Avgjerande for mitt heilheitsinntrykk av filmen er emna til å få fram følelsar, det er mest det som trekk opp.

7/10

Trees Lounge (1996)

IMDb: 7.1/10 (3,893 votes)

Trees LoungeTrees Lounge er namnet pÃ¥ ein liten brun pub i ein ukjent amerikansk by. Steve Buscemi, som stÃ¥r bak regien og manusen til filmen, spelar Tommy — ein av fleire alkoholiserte stamgjester pÃ¥ puben. Filmen markerte debuten til Buscemi i regissørstolen, som seinare har stÃ¥tt bak «Lonesome Jim», og fleire (gode) episodar av «The Sopranos», blant anna ein av mine favorittar: «Pine Barrens».

Tommy har tydelegvis vore alkoholikar i fleire år, og i løpet av den siste tiden har han mista både jobben og dama. Mens han prøver å finne seg ein ny jobb, heng han ein del på «Trees Lounge». Der går det stort sett i brunt tøysevatn og brun sprit, og Tommy kjem seg ikkje så langt. Så dør Uncle Al, isbilmannen, og Tommy tek over jobben i isbilen.

Hadde det ikkje vore for at filmen omhandlar alkoholisme, så hadde det vore ein av good feeling filmane, men drikkinga her blir framstilt som eit samfunnsproblem. Ein del av dei sentrale problema rundt alkoholikarar kjem fram, men det er ingen fare for at denne filmen går over til å bli ein kristleg folkeparti ting heller, langt i frå. Stemningen utover i filmen er roleg og innimellom triveleg. Kjente ansikt som Michael Imperioli, Samuel L. Jackson og John Ventimiglia dukkar opp i mindre rollar som er med på å skape eit gjennkjenneleg miljø.

7/10

Scary Movie 4 (2006)

IMDb: 5.2/10 (9,660 votes)

Scary Movie 4No skal eg ikkje skryte dei førre filmane i serien opp i skyene, for «Scary Movie» har aldri vore noko spesielt merkverdig, men nummer 4 er vel eigentleg like greitt å oversjå. Eg hadde absolutt ingen forventingar til filmen, og blei på ein måte overraska når det viste seg at det faktisk var ei historie her. Historie med sarkastisk undertone fordi det eigentleg er «The Grudge» og «War of the Worlds» som blir ekstra parodiert og hamnar i midten. Filmen går «Date Movie» ein høg gang og, så vurdert på den måten er dette ein ganske OK film.

Skal ein derimot sjå nærmare på filmen, så er det berre mange lause bitar som ikkje heng saman. I eit forsøk på å skape så mykje moro som mogleg har dei prøvd å parodiere ein god del over heile linja, der nokon filmar går opp igjen. To av desse nemnte eg tidlegare, ein anna er «Brokeback Mountain». Eg sit igjen med kjensla av at filmen har jobba for lite med kvar enkelt parodi, og spedd på ein solid dose slapstick for å kompensere for dårleg skodespelararbeid. Craig Bierko og Anna Faris er hovudpersonane her, Bierko som ein parodi på Tom Cruise og Faris som ein parodi på Sarah Michelle Gellar. Førstnemnte er til tider mogleg å sjå likskapen i, og sluttscena som er ein parodi på «The Oprah Winfrey Show» er faktisk ganske festleg. Men likskapen mellom Cindy Campbell (Faris) og Gellar såg eg aldri. Gellar er ein person som aldri heilt har stått fram i media som ei utruleg særeigen dame. Det blir difor eit dårleg trekk å ha Faris med her, men poenget med Cindy Campell var nok kanskje meir for å ha ei greie som filmane heng saman om. «Scary Movie 5», som er annonsert for 2008, er ingen unntak.

Som mange andre Hollywood-komediar, for å gi eit felles kallenamn på det meste av det dei store studio spyr ut med, så er det dei små glimta innimellom som klarar å halde filmen i live. Eg har vore borti fleire komediar som tross betre samanheng i handling og historie har vore verre enn dette, her vil eg nemne «Fun with Dick and Jane», litt fordi eg ikkje fekk sagt nok tidlegare kor kjedeleg den er. Måten Sheen landa i asfalten på og nakkane blir knekte under boksekampen fekk meg til å trekke på smilebandet. Men å rote til med Leslie Nielsen i ein slik komedie er å grave si eiga grav. La oss håpe det aldri blir ein «Scary Movie 5».

Avslutningsvis vil eg komme med ein pÃ¥stand. Eg tør pÃ¥stÃ¥ at folk som ikkje har sett filmane som blir parodierte, med unntak av avslutningsscena, vil ha det neste like kult Ã¥ sjÃ¥ denne filmen som andre. Eg har sett det meste til denne, og hadde det mindre gøy enn nÃ¥r eg sÃ¥g «Scary Movie» for nokre Ã¥r sidan — ein film eg nok berre hadde sett ein brøkdel av filmane den parodierte den gongen. Det kan likevel vere greitt Ã¥ vite at Craig Bierko parodierar Tom Cruise.

2/10

Slither (2006)

IMDb: 6.8/10 (3,508 votes)

SlitherEg burde gjere noko meir konstruktivt enn å sette meg ned og sjå to filmar på ein måndags ettermiddag/kveld, men det har seg slik at det småregna ute, for første gong på ei stund, og slikt må feirast. «Slither» er komedie, sci-fi, Nathan Fillion og horror. Berre dei tre første hadde vore nok til å få meg til å ta eit nærmare blikk. Årsak: «Firefly».

Dette er ein herleg, uhøgtidleg alienhorrorsplatter utan like, full av gullkorn heile vegen. Enkelt kanskje, men likevel så morosamt! Akkurat passe lang til at det heile tiden er underhaldande, og ein historie så enkel som den gjennomsnittlege B-film. Er du generelt fan av alienhorror bør dette vere ein prioritert film, men også viss du er fan av Nathan Fillion som moromann på nivå med det han er i Firefly. Ein ting som er sikkert, dette er grotesk!

7/10

Clerks. (1994)

IMDb: 7.9/10 (50,311 votes)

Clerks.Eit gjensyn med Kevin Smiths debutfilm frå første halvdel av 1990-talet, denne gongen frå Disc 1 i «Clerk. 10th Anniversary Edition». Opprinneleg tenkte eg å sjå The First Cut, men det blei Theatrical Version på grunn av mangel av teksting på First Cut. Likevel om eg har sett filmen to gonger før, så har eg aldri fått sett den med tekst, noko som har ført til at eg har gått glipp av kanskj 10% av dialogen.

Det er ikkje så mykje nytt å sei om «Clerks.», det er ein film dei fleste har sett eller høyrt om, og handlar som tittelen seier om butikkekspeditørar. To stykker, Dante og Randal, som ikkje har komme seg framover i livet etter high school. Det er laurdag, og Dante som eigentleg har fri tek på seg ansvaret for å jobbe for ein som er sjuk, likevel om han i grunn ikkje vil. I løpet av laurdagen skjer det mykje rare småting, men det er ingen hovudhandling bak filmen som held den saman. Eg kallar det ein butikkfilm, der butikken er ein av hovudrollane, og limet i filmen.

Dante er ein tapar, noko som gjenspeglar seg i alt det uheldige som skjer med han. Det er ganske kjekt å sjå på at noko kjeda seg meir på ein butikk enn det eg gjorde i løpet av min 3 årige karriere som helgetilsett på ei lokal Brustadbu. Og det skal bli artig å få eit gjensyn med gjengen i «Clerks II». Har du ikkje sett denne, så bør du få gjort det. Om du ikkje har ein rar grunn for ikkje å gjere det.

8/10
2 / 41234