Arkivet til sept-2006

High School Musical (2006)

IMDb: 6.8/10 (5,557 votes)
Eg hadde det fint ved å sjå denne filmen, for som Tor Andre ein gong påpeika i den no nedlagte bloggen sin, så er dette ein «glatt, kommersiell film produsert for Disney Channel» og eg er nok langt frå målgruppa til den kanalen. Vanlegvis har eg vanskeleg å zappe forbi denne kanalen, [...]

House sesong 2

24 episodar.
På spørsmålet om eg har ein favoritt TV-serie svarar eg alltid at det kjem an på sjanger. Å utelukke «Smallville» til fordel for «The Sopranos» kan verke som eit enkelt val for visse, men blir vanskeleg for meg, ettersom eg trufast har fulgt begge seriane sidan starten av tiåret ein gong. Den barnslege fasinasjonen [...]

TV samlepost #9

Eg har sett nærmare på fire seriar som er aktuelle som nykommarar for tiden på amerikansk TV. Her følger korte oppsummeringar og tankar omkring pilotepisodane til 1 kort komedie og 3 lengre drama.
The Class
Sitcoms som «Friends», «Two Guys and a Girl» og «How I Met Your Mother» må vere ein av dei vanskelegaste sjangrane å [...]

Surplus: Terrorized Into Being Consumers (2003)

IMDb: 6.7/10 (324 votes)
Ein dokumentar er noko som skal dokumentere noko. Det å dokumentere inneber enkelt og greitt at noko skal bli sagt. Krava som folk stiller til ein dokumentar er derimot ein anna sak, mine krav til ein dokumentar er at informasjonen ikkje skal vere skjult. Den skal heller ikkje vere redigert eller satt [...]

Crumb (1994)

IMDb: 7.6/10 (4,356 votes)
Ein etterlengta dokumentar som absolutt ikkje skuffar. Terry Zwigoff har klart å lage ei ærleg framstilling av Robert Crumb, og får verkeleg fyren til å snakke om alt: fetishar, holdningar, tvangstankar, sex og sjølvsagt oppstandelsen av mange av dei mest kjente seriane og teikningane hans.
Det blir ikkje lagt skjul på noko her, [...]

TV samlepost #8

Hollywood, Le Regne des Series
Ev. «Hollywood, the Reign of Series» eller «Hollywood — verdens seriemeister» som NRK1 kalla dokumentaren når dei sendte den i «Fakta på lørdag» i går kveld. Dette er ein dokumentar som forsiktig skrapar overflata i TV-miljøet i USA, og spesielt i Los Angeles. Kortfatta informasjon om korleis seriar oppstår, litt om [...]

Nochnoy Dozor (2004)

IMDb: 6.4/10 (9,270 votes)
Også kjent som «Night Watch». Eg kan skjønne at dette vil appellerere til enkelte personar med sin mørke historie og fancy effektar, men klarte ikkje heilt å følge handlinga og dei fancy effektane i ein slik samanheng gir meg ingen spesiell glede. At det er ein russisk film ser eg ikkje som [...]

Driving Lessons (2006)

IMDb: 7.9/10 (205 votes)
Det tok litt tid før eg endeleg skjønna poenget bak tittelen til filmen, at det har meir å sei enn berre å vise til dei få køyretimane filmens hovudrolle, Ben Marshall (Rupert Grint), har. Filmen kviler hovudsakleg på hans og Evie Waltons (Julie Walters) skuldrer. Dei er den kjekke kombinasjonen av ein [...]

D2: The Mighty Ducks (1994)

IMDb: 4.7/10 (4,338 votes)
«Mighty Ducks» har blitt eit varemerke, og det går utover spelarane. Når dei skal konkurrere på internasjonalt nivå under banneret til U.S.A. er det blitt pengar med i bilde, og spesielt Coach Gordon Bombay ser ut til å tene godt på dette. Den eksakte summen er uviss, men visstnok stor.
«D2» er ikkje [...]

The Notorious Bettie Page (2005)

IMDb: 7.2/10 (558 votes)
Ein heilt grei biografisk film om 50-talets populære pin-up modell Bettie Mae Page. Ei litt naiv, men også smart, ung kvinne som ikkje føler at det nokon har glede av skal vere ei synd. Filmen er passe moderat som biografisk film i forhold til filmar som bl.a. «Walk the Line», og klarar [...]

Thank You for Smoking (2005)

IMDb: 8.1/10 (7,750 votes)
Er dette verkeleg meint som ironisk underhalding, eller står faktisk tobakksindustrien bak? I filmen blir eit samarbeid mellom ‘big tobacco’ og Hollywood omtalt, på eit mykje tydelegare nivå sjølvsagt, men det kan jo og bli sett på som at filmen gjer narr av sjåaren, som blir proppa full med, ikkje akkurat direkte, [...]

The Lord of the Rings: The Return of the King (2003)

IMDb: 8.9/10 (160,663 votes)
Tiden flyr, noko som merkast dei gongene eg ser opp igjen ein av filmane i «Ringenes Herre» trilogien. Det er snart 3 år sidan den siste filmen kom på kino, og det er tredje gong eg ser filmen. I forbindelse med den oppteljinga oppdaga er også at det manglar eit innlegg i [...]

TV samlepost #7

Jericho
Reknar med å følge den vidare iallfall eit par veker framover for å observere utviklinga.
Lois & Clark: The New Adventures Of Superman
Denne serien har blitt ein akilleshæl i TV-timeplanen min etter kvart, ca halve tredje sesong var unnagjort i løpet av starten av august, men meir har det ikkje blitt. Eg har prøvd, men serien [...]

TV pilotguide I: Sesongpremieretid

Det er ei skummel tid eg står ovafor, for det er sesongstart i USA. Ei romsleg neve nye seriar som virkar interessante på eit eller fleire område er å få tak i allereie. Nokon har allereie tjuvstarta, men det er frå og med denne veka at det meste vil dukke opp. Litt generelt om alt [...]

Jeremiah sesong 1

20 episodar.
Jeremiah er kanskje ikkje den mest kjent serien, men gjekk for ordens skuld på Showtime (USA) mellom mars i 2002 og september i 2004. To sesongar, der den andre er litt kortare enn den første, blei det alltså før serien såg sin ende.
Historien er som følgande. Eit virus har tatt livet av alle menneske [...]

The Rising: Ballad of Mangal Pandey (2005)

IMDb: 7.7/10 (692 votes)
Mitt første møte med indisk film var denne historiske gjenfortellinga av opprøret i India på slutten av 1800-talet, leda av helten Mangal Pandey. Det er ein rimeleg kort film i forhold til det eg hadde forventa meg av ein indisk film, og ikkje fullt så mykje dansing og musikk. Ikkje det at [...]

The Mighty Ducks (1992)

IMDb: 5.6/10 (6,211 votes)
Det må eg seie, til å vere Disney, familiefilm, sportfilm og med og helst for barn, så gjekk dette som smør på glatt is. Eg vil gjere eit forsøk på å samanlikne den med «Bad News Bears» fritt etter minne.
Trenaren, Gordon (Emilio Estevez) vs. Buttermaker (Billy Bob Thornton), i utgangspunktet mislikar dei [...]

A Prairie Home Companion (2006)

IMDb: 7.6/10 (2,647 votes)
Siste til Altman er ein film omkring ei sending av det kjente amerikanske radioprogrammet med same namn som filmen, som har gått frå ulike scener i over 30 år. Er litt usikker på historien på eit vis, for filmen var ikkje så interessant at eg tok meg bryet å sjekke opp særleg [...]

Azumi (2003)

IMDb: 7.1/10 (2,972 votes)
Basert på ein manga blir «Azumi» omtala som ein live-action film, som i motsetning til anime/animasjon er eit resultat av kjøt og blod. Om ein ser filmen utan å ha lese, eller i heile teke høyrt om, mangaen, kan dette likevel bli gjenkjent i dei ulike karakterane som dukkar opp i løpet [...]

Stick It (2006)

IMDb: 5.4/10 (1,764 votes)
I motsetning til kameraføringa og klyppinga til denne filmen vil ikkje dette innlegget bli fancy. Eg har lite til overs for filmar som Stick It i; oppbygging, skodespel, manuskript og totalinntrykk. Men forutan den glorifiserte framstillinga av ei post-idretts, überpunka jente sitt nye, ufrivillige, forsøk på turnarenaen, så er det iallfall tre [...]